tirsdag 30. november 2010

Når nettene blir lange...


og kulda setter inn... bør alle blomar haldast innandørs. 15 min i minus 5 og julerosa gjekk i kne... Det beste å pynte ute med no, i dag viste gradestokken minus 13, er nok granbar og kongler.

mandag 29. november 2010

Barndommens jul... made in Taiwan



Ser i år, at klårarere enn nokon gong, er den raud-kvite jula, ispedd skog og mark, den store juletrenden. Og stemningsfullt er det... sjølv om me må til Taiwan etter deler av den....

søndag 28. november 2010

Adventskrans...

Endeleg er den her, 1. sundag i advent. Er som vanlig litt på hæla so da einaste eg fekk laga i dag var adventskransen. I år vart det lilla og kvitt. Levande blomar, lys og julekuler...




Dei herlege mini Saint Paulia eller "African violet" passa perfekt mellom lysa frå IKEA. Dei står i potter og kan vatnast etter behov.



God advent!

lørdag 27. november 2010

Snart 1 sundag i advent..

og sviblane er på plass. I år fekk dei glas frå kremarhuset å svinge seg i. Likte kjensla av glas, mose og blome... kanskje ikkje veldig julete, men friskt og fargerikt gjer seg, det også...




God laurdag!

fredag 26. november 2010

So ei kula...

I år har eg heilt vorte hekta på julekule... her ei helgakula og to...

torsdag 25. november 2010

Ei rose er ei rose er ei rose....

Dette gjeld nok også julerosa. Spesielt vakker sidan den er ein av få blomar som blømer om vinteren noko som opnar for allverdas romantiske assosiasjoner og metaforer.




Ulempa med denne vakre planten er at den trivest best i mellom 5 pluss til 15 pluss grader. Ikkje alltid lett å finne ein god stad for henne der ho kan skine i lang tid. Ein får nyte det ein kan den tida ein får :)

onsdag 24. november 2010

Den som leitar den finn..

Smått om senn finn eg den eina farerike julejula etter den andre. Denne gongen var det mor mi som kom til unsetning. Noko nytt og noko ofseleg gammalt. Dei to grønaste er av eldre dato, der den einsfarga er ein skikkeleg juleveteran... so får det no våge seg at fotografen vart med denne gongen...



..meir er på veg...so eg trur det vert jul i år også...



tirsdag 23. november 2010

Håvelaust...

Fuglane på verandaen er vortne ganske "stovevarme" og bryr seg ikkje nevneverdig om eg går der ute og puslar på. So her hin dagen gjekk det som det ofte går, eg gjekk i vegen for matruta og ei lita blåmeis dunsa i vindauga.



Her ligg ho og kjem til sans og samling att. No har eg hengt opp skilt til småfuglane. Bruk hjelm, det reddar liv!

Og blåmeisa var å finna i matfatet nokre minuttar seinare..

mandag 22. november 2010

Jakta på julekula..

Det er med glede Frøken Fjols, eg tilbyr mitt strev for rett julestil som bloggeunderhaldning :) Eg har framleis ikkje gitt opp jakta på julekulene som skal setje farge på tilværet... so i år vert det jakta på julekula i staden for stjerna....


søndag 21. november 2010

Tiltakslaus og stilforvirra

Jula er ei skikkeleg utfordring i år. Etter nokre veldig inspirerande artiklar i eit dansk magasin, fekk eg det for meg at jula i år skulle verte fargerik. Sølv, kvit, lilla, lyseblå, turkis.... reint eksotisk og frodig. Engasjementet stupte i takt med skuffelsen over at all julepynt eg klarte få tak i var sølv eller kvit. Eg mista liksom luven og har ganske molefunken slanga meg på sofaen heilt utan initiativ. Ei lita tuva har velta et ganske så gedigent lass.....



Som de ser, det einaste eg fann var ei lilla kula... Alternativet no er om ein skal satse på den raude og kvite jula.... den er reint vakker den og...



Eller skal eg berre la jul vere jul og kjøre same stil som i fjor.... kjedeleg men sikker som banken...



Eg likar rekved og never, eg likar glitter og stas, eg likar "jul i stuggu" og jul i funkishuset...

Trur eg må liggje på sofaen litt til.... og fortel meg gjerne kva du skal gjere i år?

torsdag 18. november 2010

Daglegliv...




Kvardagen kan vere fin den og....

onsdag 17. november 2010

Sol inne...


Me skriv november og drøyme lett om desember
Borte er det frodige, det fargerike, det sommarleg saftige
På kjøkkenet i krukka med lyng, ei solsikka rundt pinnen seg magert slyng
Ho ana nok ikkje at ein blome i slik ei solenød, i Hakkadalen.. går rett mot den sikre død....

mandag 15. november 2010

E da fint i farjen è da godt for formen...




Eit fargerikt middagsfat borgar for god helse....