tirsdag 8. juni 2010

Sol ute..sol inne..



Med desse rosene frå Plantasjen i Åsane, som kanskje har sett sine betre dagar, rosene altså, vil eg kome med litt skryt. Då eg skulle lage Hurdalsrosehekken min i år, var eg på desperat jakt etter 12 Hurdalsroser. Det viste seg å vere vanskeleg. Ingen hagesenter eg besøkte hadde dei, nokre hjelpsame damer visste ikkje eingong kva rose det var.

Gode råd var dyre så eg sette meg ned og sendte epost til alle hagesentra i distriktet og høyrde om dei kunne hjelpe meg. Eitt svar fekk eg, og det var frå Anders på Plantasjen i Åsane. Han fiksa Hurdalsroser til meg endå dei var utseld frå leverandør og det var midt i transportstreika. Via epost og telefon fekk eg ordna meg hagemøblar på tilbod, Mary Rose (som ingen andre hadde heller) og nok Hurdalsroser til ein heil hekk. (mannen i huset var sjølvsagt pakkesel og kjørde skytteltraffikk ettersom eg og Anders fann nye objekt å investere i...som nye hagemøblar som berre skulle stå til pynt på plenen :)

Supert, Plantasjen i Åsane!!!

2 kommentarer:

  1. Ja, dette var knallgod service!! Det er noe spesielt med åsabuere.... skikkelige mennesker (og jeg har selvfølgelig bodd der de første 20 årene av mitt liv, hehe).
    Klem J.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.