tirsdag 27. april 2010

Ei stemor sine born...



Nokre gonger kjøper eg meg vår....

mandag 26. april 2010

Men aldri so gale...

At det ikkje er godt for noko. No får eg nyta peonane i fred medan eg drøyme om at alle i hagen kjem med blome i år. Tidlegare er det berre ein av 7 som har vore riktblomstrande, ein anna har hatt ein blome. Tek gjerne mot gode peontisp om nokon har.

søndag 25. april 2010

Og så gjorde eg det...

Då NIB for ei kort tid tilbake reklamerte for ein nye serie hjå IKEA vart eg forelska. Det var stolen Kivik. For ein tur til bydn og prøvesat den. Herleg! Så måtte kadlen avgårde for the real deal. No står han ny og kvit i stova. Kvar gong eg går forbi kjenner eg på ei sterk dragning til å setje meg ned i den. Angrar ikkje eit sekund på kjøpet. Og utan NIB hadde me aldri funne kvarandre.




Må få addere noko litt sjarmerande. Kadl'n vart også sendt i blomsterbutikk for å handle peonar til eit lite prosjekt eg arbeider med. På telefon kunne han beretta at dei hadde fire fargar; raud, lys rosa, mørk rosa og kvit. Sidan dette var snakk om ei heller stor investering ba eg om ein bukett lys rosa og ein mørk rosa. Helten kom heim med ein bukett lakseraud og ein svært skarp rosa. Eg kan på ingen måte legge skulda på mannen, han gjorde sitt beste da veit eg, men at dama i blomebutikken let han fare heim med slik ein bukett, er for meg ei gåte....

lørdag 24. april 2010

Eit lite tilbakesteg..

Eg er jammen meg glad i dag, at eg har mykje arbeid som må gjerast. Hadde eg hatt tid til å filosofere over våren som aldri kom, hadde nok dagen vorte lang. No har det snjoa meir eller mindre sidan sist helg.



I dag var det so gale at fuglane skreik, sitjande på parabolantenna utanfor loftsvindauga. Dei stirra meg rett i augo då eg keik ut, anklagande. Eg har i vårleg rus flytta foringsplassen ut i skogen, og den var sidan i går heilt borte i kvit snjo. Ein stakkar, sat pjusken og forvirra på ein stol på terassen, med gul ull rundt heilt hovudet der den i desperasjon hadde gje laus på eit sitjeunderlag som ein av ungane har tova i si tid. So dag var det berre å gjere retrett og overlate terassen til fuglane att. Dei amerikanske blåbera, eg i same vårlege rus kjøpte sist veke, står framleis og frys utanfor døra...so folkens..me snakkast til våren!

NB! Bilda er ikkje arkifoto..dei er frå idag tidleg... :()

torsdag 22. april 2010

Da vart for mykje

absint og lidderlighet... so detta vert eit lite pauseinnlegg mens eg tek meg innatt...


søndag 18. april 2010

Lidderlige kvinner og kloke menn..

eller var det omvendt? Her hin dagen, medan sola skein og me enno trudde på vår, gjekk eg den sedvanlege runden i hagen. Nistirra på alt tegn til liv, såg fø meg Babylons hengande hagar, planla dammar og terassar med roser og peoner og anna eksotiske vekstar. Sukka litt over pengasluket og arbeidsmengda.



Saken er den at eg ynskjer meg ein gamaldags romantisk hage, full av allverdast uendelege vakre plantar. Og i den hagen skal det haldast hageselskap frå tidleg mai til sein august. Der skal kunstnarar møtast, unge oppadstormande kvinner og menn skal i seine nattetimar...



over eit glas Absint og to, løyse verda sine problem medan dei leikande jagar kvarandre rundt frå den ein hemmelegsfulle staden til den andre...lidderlig... leande..



Veit ikkje heilt korleis det skulle gå for seg men litt slik som "Frokost i det grønne" av Édouard Manet, berre det at i min hage var det både frukost og kvelds....



Det var då eg såg det, den hin dagen. At eg kanskje lurte meg sjølv litt. At eg ikkje kjende så mange kunstnarar, kanskje berre ein. Ei heller har eg so mange venner at hagen kunne fyllast opp tidt og ofte. Dei har jo både famile og arbeid. Og kanskje verst av alt...her er ikkje so mykje lidderlighet att....



Kvifor då gå gjennom alt dette arbeidet? Åravis med investert fritid og peng, berre for ein hage ungane ikkje får spele fotball i. Ein heim for fuglane og ikkje noko meir?



jaja, aldri so gale at det ikkje er godt for noko...eg kan jo blogge om den då....
I dag har eg stole alle bilda og lever i angst for at dei skal finne det ut. Alle hagebilda er stolne frå Once Wed Blog og Manetbildet fann eg ein anna stad i cyberspace. Det fyrste bildet er frå Giarimi Design..og slike champangeglas vil eg ha!...men om dei kjem for å ta meg skal det jammen meg ikkje verte lett å finne meg..ute i den (wannabe) overgrodde hagen....lidderlig og leande..etter 10 glas absint...

lørdag 17. april 2010

Askepott

ja, då vart det ikkje jentetur denne helga. Inga sprading i Warzawas gater. Inga shopping til me droppa. I natt kom det over 10 cm snjo. I dag tidleg redda eg kvitveisen frå å fryse i hjel.



Kva gjer ein når kong vinter kjem innatt om ein tur? Då fyre me i ovnen, bakar engelske scones og et dei med heimalaga Lemond Curd til. Kven seier ein ikkje kan ha ferie i eige hus?

onsdag 14. april 2010

Frk. Vårfryd 2010

Frøken Vårfryd 2010 er ei dame på snart eit år. Som for mange andre, er kvitveisen vårblomen nummer ein for meg. Sidan eg berre har funne to i år får me kosa oss med nokre frå i fjor.

Sei godag til Frk Kvitsveis:

mandag 12. april 2010

Fyrste kvitveisen

Endeleg var den her! 200 humler veltar seg daudrukne rundt i 10 blå krokus. Dei er desperate og dunsar rundt som svære, tunge bombefly. Men her er rett og slett for lite blomar for dei. Skal tru dei vert glade no, med kvitveis rundt kvar ein bjørkestubbe?



Min fyrste kvitveis i 2010 (og med tanke på at eg ikkje har makrolinse kan de vel tenkje dykk korleis eg ser ut akkurat no etter å ha velta meg i skogbotnen ei stund...)

søndag 11. april 2010

Ein nydeleg 3 åring!

Den vakre bloggen Modern Country feirer i desse dagar 3 år og fleire hundre tusen besøk. Fyrst vil eg gratulera og så vil eg takka. Takka for massevis av glede og inspirasjon desse åra eg har kjent til denne herlege bloggen!


Foto: Modern Country

I tillegg til dette vil eg gjerne vere med i trekninga om nydelege gåver i same anledning. Ta deg ein tur inn og les!

lørdag 10. april 2010

Ja eg veit det er vår..

..men koffor frys eg sånn?



I dag har eg vore i hagen i heile dag. Heilt herleg! Sjølv om det framleis ser ut som ein byggjeplass utanfor huset, er det fantastisk å sjå korleis vinteren må sleppe taket. Sola skin og skin. Kroskus og tulpanar kikkar opp or jorda.



Var ein liten tur på ein lokal loppemarknad men fann ingen store skattar. Einaste som var med heimatt av noko skrot vetlo ville ha med. Eg såg kor glad givaren var for å verte kvitt rukkelet, og no har me det i hus :)



Løye likavel, kor skrot for nokon kan vere gull for andre. Viseleg laga om ein tenkjer seg om.




No skal terassen vaskast og hagemøblane hentast frå vinterlageret. Å mai du skjønne milde eg kan nesten ikkje vente!

torsdag 8. april 2010

Gode foreldre

I går traff eg på far min og klaga litt over snjoen som låg tungt i bedda mine. Heime på garden har snjoklokker og anna vårsprelsk fauna ste og strutta allereie ei lita stund. Hjå meg hadde ei klosterklokka forvilla seg opp i frisk luft, men ellers var det heller stakkarsleg.



Seinare på dagen då eg sat og jobba med eit oppdrag høyrde eg at det ringde på døra, men mannen i huset tok seg av saka så eg tenkte ikkje noko meir på det.



Då eg endeleg kom meg laus frå datamaskina og pitla meg ned i gongen, stod det to bytter der. Ei med snjoklokker og ei med klosterklokker. Struttande av vårgleda og anna herleg pågangsmot.



Sjølvsagt vart eg glad og tenkte på kor mykje desse gode foreldra har gjort for meg opp gjennom åra og vart veldig takknemleg atter ein gong.



So som seg hør og bør måtte damene stille som modellar på terassen i dag. Og eg trur faktisk du kan sjå dei smilar.....eller var det berre eg?

mandag 5. april 2010

The Bride

Takk og lov at busker og tre, og gjerne ei rose eller to, framleis har lappane sine inntakt. Slik dei no står uti hagen, brune og skrantne, kunne dei fort vorte mat for kompostkverna, stor og gul. Og desse plantane kan jo faktisk halde det lappen lova.


Tenk kor herleg det hadde vore med ein ny vår. Dar skrukkete kinn og humpete lår måtte gje tapt for ungdom og spenst. Der stivt og elda vert mjukt og vakkert. At den forlokkande lappen på bringa faktisk kunne stoppa den store gule.....


Ja, ja...men kven vil vel ta mopedlappen i vår? Det er nok klokt at ting er som dei er.

Innimellom snjo og skit fann eg tegn på at våren kanskje kjem til Hakkadalen også...

søndag 4. april 2010

Heimatt..

Var ikkje det navnet på ein tysk TV-serie? I allefall i dag kom me heimatt etter ein flott vårferie i Haugesund. Der var våren komen og me fekk mange flotte turar ut i Guds frie natur og Haugesunds sin ellers so frie kultur. Heime i Hakkadalen venta snjoen.


Men eg var førebudd og i morgon tek eg meg ein tur med spaden og spar vekk den verste snjoen frå bedda mine. Desse dagane me har vore borte har tødna snjoen godt. Likavel ligg den tung i tunet. Litt spaing og litt mold so tenkjer eg at me skal få vår her også snart.


Alle løkblomane som eg kjøpte før eg for, har ste ute på terassen og dei hadde klart seg godt. Det var nesten ildt å ta dei inn og sjå korleis dei eldast minutt for minutt i varmen. I morgon skal eg ta dei utatt so får fuglane nyta dei flotte blomane.


Trur nok dei fortener litt venskap dei også etter denne lange kalde vinteren.

torsdag 1. april 2010

Kveldsdraumar...

Sit og blar i blidearkiv...fann eit fint frå i somar som eg vil dele ein stille skirtorsdagskveld...



Håpar de alle har ei fin påske!