lørdag 13. mars 2010

..man tager ett snes egg...

I dag har eg hatt bakedag. Når ein har bakedag bør ein strengt tatt bake litt av kvart. Kaker, bollar og eit par tre brød. Men når sant skal seiast klarte eg berre å trykkja ut ei sjokoladekaka i dag. Den skal vidare til ein barnedåp i morgon so eg ynskje den lukka på reisa.



Tida i dag gjekk med på å lesa i Vakre hjem & Interiør. Der var det mykje vakkert og mykje fransk.... Så resten av dagen gjekk med på å filosofera øve forskjellen mellom norsk og fransk landsbygd. Nydelege kvite skjærebrett av porselen kontra nedskorne trefjøle, og i eit lite sekund følte eg meg som ein svikar mot eige opphav. Eg burde lika rosemaling og rokk, fiskakipe og heimalaga gummisko...i staden sit eg utan eit einaste gallisk gen og leflar med romantiske idear, beint lengtar etter fransk morgonlys og gamalt blikk......hjelpalaust...




..men ka kan ein stakkar gjera?

5 kommentarer:

  1. Morsomt skrevet:-D
    Ja, du sier noe.... i alle fall, den kaka var vidunderlig!!
    Kristin

    SvarSlett
  2. Fekk vassflaum i munnen av den kaka der ! Kor var det barnedåpen skulle vera sa du ? hehe

    SvarSlett
  3. ..og eg ler av deg....ikke av da..ikke sånn..men du er no bærre herleg.....deilig kaloribombe du har der gitt..som gallerane også hadde sans for..vortesvin te middag då på ekte gallarvis???

    SvarSlett
  4. Herelege bilete og herleg skreve..
    Den kaka såg god ut..
    Ha ein flott søndag i ditt liv :-)

    SvarSlett
  5. "bare ei sjokoladekake"... Dette kaller jeg ikke bare ei sjokoladekake, det er jo noe man kan bli helt tullerusk av!!! For ei fantastisk delikatkake du har laget:o)
    Jeg ELSKER sjokoladekake, og hadde jeg fått noe sånnt servert hadde jeg fått tårer i øynene;o))
    He en fin søndag!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.