torsdag 21. januar 2010

Pokala og medalja..

Då sonen min var 3-4 år, gjekk han ein runde i ei lysløypa ein tirsdagskveld og enda opp med ein pokal på størrelse med seg sjølv...nesten.. No va da no eingong slik at alle fekk pokala, uansett om dei gjekk fort eller seint og det at han berre deltok ein gong gjorde ikkje noko frå eller til. Og guten vart glad han!



For ei kort stund sidan fekk eg og ein pokal, på størrelse med meg sjølv. Eg fekk utmerkinga "Kreativ blogger" hjå Kristin i Vingesus og julebrus . Kristin har ein fantastisk blogg, med dei utrulegaste bileta som ho tek sjølv. I tillegg er ho veldig klok og eg vert ofte sitjande i ettertanke og undring etter å ha lese innlegga hennar. Så ta dykk ein tur innom henne, det er verkeleg verd tida.

TUSEN TAKK!! Den vert sett stor pris på, kanskje spesielt sidan den kom frå deg!

Reglene for awarden er slik:

Lim inn awarden på din blogg. Link til den du fekk den av.
Fortell 7 interessante ting om deg sjølv.Gje den videre til 7 andre kreavtive bloggarar, link til deira blogger og gje beskjed om at dei har fått den.

Dei sju som eg vil gje utmerkinga vidare til er i tilfeldig rekkjefølge:

Bloggaren Miamor
Med uendeleg vakre bilete og nydelege underfundige tekstar er eg avhengig av ein dupp i denne bloggen jevnleg.

Bloggaren Hjem og Lykke
Her er det både blogg og vesen. Sjelden har eg via tekst og skrive ord opplevde eit so fint vesen manifestere seg gjennom bokstavane. Som balsam, kvar kommentar og kvart eit innlegg.

Bloggaren Tante Mimmi
Her snakkar me kreativitet på høgt plan. Rein og skjær inspirasjon.

Bloggeren "Fyra årstider og mitt liv på landet"
Kvar dag leitar eg etter nye innlegg og nye bilete. Desse foto bergtek meg totalt. eg får rett og slett ikkje nok av denne bloggen.

Bloggaren refleksjon på livsvegen
Her er eit vell av kloke ord og små kvardagsbetraktningar. Vel verd eit besøk.

Bloggaren Frøken Fjols
Ei dame som får meg til å le og kose meg. Enorme mengder kreativitet og energi. Ein blogg eg berre MÅ lese.

Bloggaren Tullik
Ei kreativ dame som deler av kvardagen sin. Akkurat no driv ho og heklar teppe til dotra si. ta dykk ein kikk!



Da va da letta, so va da dei 7 tinga eg skulle dele.....hmm...

1. Har vore budeia på Vikafjell, kan lokka og lura...
2. Siste kurs eg tok var kurs i Flashproduksjon..
3. Utdanna lærar, men ikkje fanatisk.. har ikkje praktisert på 10 år
4. Oppvaksen på gard, og meiner kyr (NRF) er sure og bitre dyr..
5. Likar humortv, fan av Torsdagskveld frå Nydalen mellom anna..
6. Glad i lage å mat
7. og det kan ein sjå...

7 kommentarer:

  1. Å vakre deg...
    Kom innom deg og ser at eg er nemd..
    Tusen tusen takk for at du tenkte på meg...
    Eg har nett teke utfordringa og fått award med britaiskogen..
    Men set umåteleg pris på den alikevel;-)
    stor klem

    SvarSlett
  2. ..oioioi..en ære å verte nevnt blandt dei du lika.....takktakk..og vit at det er såååå likeins...men eg e dårøeg på slike oppfordringar..men ska sjå kor tid eg får rota meg te...TTT..tingtartid.....men eg og tanto kjem te dalen en vakker dag..og den vert VAKKER....klem

    SvarSlett
  3. Tusen takk for vakre ord om bloggen min her, og tusen takk for fin helsing etter dagens innlegg på bloggen min i dag. Sette stor pris på den.

    Awarden var deg vel unt forøvrig! Skal ta meg ein titt seinare på dei bloggane du har gitt han vidare til.

    Ha ein fortsatt fin kveld! Klem.

    SvarSlett
  4. Nei! Da va no sabla fint sagt!
    Eg eeeelskar jo å kikka innom her og har alltid like dårleg foto-sjølvtillit når eg tusslar heimatt!
    He,he!
    Inspirert kan ein og kalla det! Tullipanane i fjor...fuglen...snølandskap..jo har voer mange god stunder! Og du ser kva Mio skriv- me dukkar opp ein dag!(Da e kje tull!)
    Våren i Modalen e vel fint!??
    Goood helg!
    Må sjekke desse damene- nokre var nye navn- kjekt da!

    SvarSlett
  5. ..åå, kjære, snille deg! Nå kom det nesten en tåre i øyekroken her!! Ikke hverdagslig for meg å få så fine ord.. (og jeg er så fryktelig dårlig til å ta imot komplimenter).
    Du aner ikke hvor mye ordene dine varmet, tusen millioner takk!
    Jeg kunne jo sagt nøyaktig det samme om deg.. Jeg er så utrolig glad i bloggen din, både bildene og ordene..

    Nå har det seg slik at jeg er en "tulling" når et kommer til awardser.. Strevde så fælt i begynnelsen med hvem jeg skulle dele ut til - og bestemte der og da at jeg like godt kunne la det være... Men det betyr ikke at jeg er likegyldig - jeg er SUPER glad!!

    Varm og god klem fra meg med tåre i kroken :o)

    SvarSlett
  6. Hadde nok kommet innom igjen uansett om du hadde invitert meg eller ikke ! :-)

    Tusen takk, på Ramme Alvor. Det er litt av ei ære å få sånn omtale av en av mine favorittbloggersker ! :-)

    SvarSlett
  7. Tusen takk for fine ord og award. Tar nok utfordringen ....ein dag !!
    Synd det ikkje går å senda tilbake...

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.