onsdag 30. desember 2009

Julerosa..





I går tok eg julerosa mi ut i 12 minus og tenkte at da ville verke oppfriskande på henne. Etter å ha ste inne i varmen heile jula burde ei slik avrivining for ein vinterblomstrande dame som henne vere berre herlig. Tja, ho kasta blomane og står og sukkar...og eg er usikker på om det er fordi ho saknar kulda, eller fordi ho berre nett overlevde avrivninga....


tirsdag 29. desember 2009

Rollebyte

Etter julefeiring som gjestar, skal vi no vere vertskap i nyårshelga.



Ute går snjoen oss til livet. Alt ligg til rette for leik i snjo, gløggdrikking og kakaobartar saman med mjukt, varmt bakverk...nett so i interiørmagasina....ser da fø meg...store reisdyrskinn... bjøreskinn eller berre nokre tunne GreenGateteppe?? Blonde kvinner med blonde barn flokkande rundt, varm drikke og nybaka bollar. Staute karar står litt i bakgrunnen og pratar...nikkar...stolte av fruen sine.....sukk..ja de ser da fø deko?



Mi erfaring me lukkelege familiar ute på tur i snjoen er denne. Lukka ser stor ut på avstand, som når ein for eksempel står inne bak eit kjøkenglas med dårleg samvit avdi ein ikkje er ute med sin eigen familie. Men i det du kjem på nært hald av lukka...altso på "høyrenivå" forstår ein at det som kan sjå so harmonisk ut...er sprengt med misnøye, klagesong og sutring...eg orkar ikkje meir, eg frys, eg har snjo i skoen, kor lenge måååå me vere ute?...osv...


..trur desverre ikkje teppa til Green Gate held i minus 12 -15 C. Men du kor idyllisk det ser ut....
(dei to siste bileta er stolne frå greengate.dk)

lørdag 26. desember 2009

Julefred....



Stillt og kvitt. Herleg romjul. Snjo og kulde. Vakkert.

torsdag 24. desember 2009

Jolekvad



Atter har me jola fått,
fyllt ein vert av varme tankar.
Gløymt vert alt som synest grått,
og ein kjenner hjarta bannkar.
Jolesnø og klokkeklang,
Jolefred og jolesong.


Jola kjem med fred og fryd.
Gleda rik til små og store.
I heimar kring i by og bygd. -
songen stig kring jolebordet.
Om barnet fødd i Davids stad -
glad me syng vårt jolekvad.



Jola det er barnets fest,-
augo skin og gleda lyser.
Utan tvil og vonbrots brest,-
dei den glade trua hyser.
Bort han kverv den kalde tvil,
for den varme barnesmil.

Vesle barn kom herned,
frå sitt høge himmelrike,-
gjev oss frelse, frygd og fred,-
kom herned som bror og like.
Med sitt varme livsens ord-
til vår kalde, arme jord.



Jola bod til alle ber
kring i heile vide verda.
Spreider lys og varme gjer -
der ho innom stig på ferda.
Strålar gjennom sinn og sans,
med ein eigen himmelglans.

Jol - å for eit fagert ord, -
Sælt og søtt det hjarta grøder.
Englar syng om fred på jord,-
fred og hugnad mellom brøder.
Der Guds fred får sleppa inn,
vert det jol i sjel og sinn.

Bj.A.



God jol til alle!!

tirsdag 22. desember 2009

Snart jul...



mandag 21. desember 2009

..du grøne glitrande...

I år kjekla eg og min utvalde om treet trengde avklimatiserast eller ikkje. Sidan eg snakkar høgast, vann eg. Treet kom frå - 10 grader og rett inn i stova der lufta dirra i ca 35C. No er treet litt slapt kan ein sei...og gubben nikkar..."kva sa eg" kver gong eg sukkar over ståa.... men jul vert det! :)


søndag 20. desember 2009

Nøtter til Askepott..



eller var det slikkepott? Et mirakel at dei lagar slike digre nøtter i fattigmannsylv. Då eg såg dei tenkte eg med sjølve meg....herregud, kven kom på noko slikt? Ein slik må eg ha!! ...og no har eg ei slik...og veit ikkje kvar eg skal gjere av den...eller med den....

torsdag 17. desember 2009

..og so vart det ein krans til...

heilt plutseleg...



Den vart som ein kan sjå snurpa saman på ein blunk...litt meir shabby kanskje enn chic....men likar felleskapet mellom gamal glam og gamal natur....

onsdag 16. desember 2009

Pakkelappane..



Det var nokre som lurte på om desse "pakkelappane" mine var ekte peparkaker og ja, det er dei. Eg hadde og tenkt å skrive navnet til mottakaren på dei med iceing, men det vart litt for smått. Løysinga då er å skrive rett på pakka sidan eg brukar gråpapir til å pakke inn med. Det funkar som ei kula.

Dekorativt og velduftande....



...ellers så kjenner eg at det snørar seg litt til...ja. Alle gåvene er i hus, men huset i seg sjølv er eit anna kapittel....

søndag 13. desember 2009

3. sundag i advent



Då var pakkelappane klare....

onsdag 9. desember 2009

9. desember - skattar skjult i mørket

Eg trur på mirakler. Eg trur på skattar gøymde på gløymde stadar. Eg trur at den som letar finn ...om ikkje anna enn ei julakula....



Eg har ved fleire høve lese at da e veldig viktig når ein bakar julabakst at ein føl oppskrifta svært nøye. So nøye at ein ikkje må bruke "store" egg når ein bakar til jul. Da må vera gjennomsnittsstørrelse på alt frå egg til teskeier.

Eg slumsa til ein peparkakedeig for ei veke sidan. Beste peparkakene ever! Ja, da beviste no da, at ein ikkje treng vere nøye, at man tager litt av ditt og litt av datt og ristar laus.... og mirakler skjer..

So eg laga dobbel deig på same måte. I dag skulle me lage peparkakehus og som den observante lesar allereie veit. Det kunne ende på to måtar. Det vart beste peparkakehus ever...eller ikkje.

Ikkje! No ligg 5 kilo peparkakedeig og esar i komposten, to sure unger sit på romma sine og ser TV og eg leitar etter skattar i mørket....

tirsdag 8. desember 2009

8. desember - gåver




Jula er gåvene si tid....i år har me kjøpt det meste på nett...stille og roleg handel, og så mange pakker i posten!! :)

mandag 7. desember 2009

7. desember Tilda vs. Maileg

For dei som hugsar godt, ellers om heilt tilfeldig las at eg hadde eit heller skrekkeleg møte med ein Tildanisse i fjor før jul..... so kjem no oppfylgjaren.

Saka var den at eg ville være ein del av eit felleskap, og felleskapet i fjor hadde ein fellesnevnar rundt juletider. Tildanissar og englar. Bloggverda var full, og eg ville vere med.

Nissen vart feilproposjonert og aldri ferdig og havna på hovudet i ei skuff. Dar har han lege og vansmekta eit år.



Men plutseleg her ein dag hadde han fått nok og bukta og kava seg ut av fengselet sitt og meir eller mindre krov å verte ferdigstilt som det heiter på fagspråket. Eg kjende meg freista.

Likevel hadde eg fått med meg at Tildanissar ikkje hadde same svungen i bloggverda som før. Tildanissen var vorten heilt 2008, eller kanskje endå verre...2007. I år er det heilt ein annan som tel...



Jepp! Dei er overalt...tilogmed heime hjå meg. Dog berre som gåvemateriale til søte små tanteborn. og best av alt...og dei kjem ferdig montert!!!!



...So sit han då der....han som kun ei mor kan elska....og knapt nok det...

søndag 6. desember 2009

6. desember - 2 .sundag i advendt



"Fred på jord, frygd på jord!
Jesusbarnet det er vår bror.
Englar syng um hans herlegdom.
Han hev reidt oss i himmelen rom.
Songen av englar er sæl."


I kveld var eg på julekonsert i kyrkja. Det var ei fin oppleving saman med både vaksenkor og barnekor...jula er på mange måtar songen si tid også....

lørdag 5. desember 2009

fredag 4. desember 2009

4. desember - pause


torsdag 3. desember 2009

3. desember - dekorasjonskveld

I går kveld var eg og jentungen på dekorsjonskveld i gartneriet til mor mi. Det var ope for alle, men me var få som fann vegen denne kvelden. Overraskelsen var energien og kreativiteten jentungen la for dagen. Inga hjelp ville ho der ho stilsikkert pynta til jul...





Ho ville på inga måte høyre snakk om "less is more" og andre gode råd frå ei mor som tykte raud, gull og lilla på ein gong kanskje var i mesta laget...men no er nok ho meir 2009 enn mora....