fredag 31. juli 2009

Hasselnøttdram



No er tida for å hauste. Rundt om på bloggane finn eg bilder og oppskrifter av alt det gode me kan lage no på seinsumaren. I dag vil eg dele med dykk oppskrifta på Hasseldram..henta frå boka Matsprell av Inger-Lise Østmoe, Kari Bay Haugen og Anne Siri Brandrud.



Fyrst må ein plukke seg hasselnøter i juli/august mendan dei enno er grøne og mjuke og lett kan delast med kniv. Innvendig er dei kvite med eit hint av kjerne. Tek du av hamsen vert drykken mild, nesten søtleg. Let du hamsen verte med, får drammen ein syrlegare smak.



Blandinga er enkel: 1 dl nøt på 2 dl vodka eller 40% sprit. Del opp nøta med kniv og hell spriten over. Krukka må vere tett. La stå og trekke i minst 3 månader. Deretter silar du drykken og gjøymer den bort i eit skap nokre år....

Ein kan og lage likør av hasselnøt, men det tek me ein anna gong...

tirsdag 28. juli 2009

Farga(r)

Aksjon fargeutfordring hjå Anne fra Moseplassen var ei kjærkommen utfordring i det trøsteslause regnet der hagen ligg flat som ei fela og grin....

Eg har ingen favorittfarge. Min favoritt er ...fargar. Mange, kraftige og saftige fargar. Gjerne mot lys bakgrunn slik at fargane kjem klårt og reint fram...

søndag 26. juli 2009

Sumar...

Akkurat som Jannicke i Hjem og Lykke, var sumar- og solførebuingane klare i dag tidleg.



Ein dag med sumar og den skulle nytast til fulle...



Sumaren kom aldri, men fulle vart me...



Nokre lagar saft, andre likar sprit...

lørdag 25. juli 2009

Moreller som teller...


fredag 24. juli 2009

No senker ferien seg...

Mor surfar og et optimistisk på klibrød og epler. Far kjeftar på ungane fordi dei spelar for mykje på data...seier han ja, der han sit framfor golfspelet....;) Med høgt volum spelar gutane fotball inne med rosa ballongar frå gårsdagens fest. Ute regnar det trollkjerringar. No er det endeleg ferie...



..heimeferie...

onsdag 22. juli 2009

Da skulle vera lett..

da skulle vera lett å ha ferie. Uuthaldeleg lett...sant? Men atter ein gong har eg klart å forstrekka ein kraftmuskel i kampen mot eller med alt som skulle ha vore gjort for lenge sida, men som må gjerast i ferien skal det verta gjort....



Eg skulle ynskt at ferien ville verte kvitare og meir lyseblå, flagrande blondegardiner, lukta av varmt treverk etter lange, late soldagar. Bris frå sjøen, humlas bussssss og varmt vatn i fjøra....



Ofte tek eg meg i å tru at ferien varar fleire månadar (gjorde no det før då eg var lærar ;) og ikkje skarve tre veker..og på den tida skal eg male hus, vaske ned alle rom og alle kott, leggje stein i innkjørselen, safte, sylte, feriere, ha besøk, reise på besøk....


Fort gjort å gle seg til ein skal på arbeid att...

tirsdag 21. juli 2009

Kvileskjer i Vangen





Nokre gonger treng ein ikkje reisa så veldig langt...Haugesund rekk lenge...

fredag 17. juli 2009

Brev..

Et brev er det fineste og kosteligste som i verden fins. Den rikeste gave et menneske kan få; et brev.

Agnar Mykle

torsdag 16. juli 2009

Ferie...

Ferie er som ein skatt ein eig. Den ligg der midt i sumaren og ventar. Den er stor og vakker, som ein stein av glas, som ein diamant....


Eller kanskje liknar den meir på ein sjokolade som har lege i skåpet og venta...ein tekt til å forsyna seg av den og vips så var den borte..

Fordelen er vel at ferien ikkje har same tendens..til å leggje seg over baken...

tirsdag 14. juli 2009

Frøken Markblomst 2009

Det er ikkje lett å velje. Dalen er full av blomar. Definisjonen på markblomst leika eg meg lenge med. Kor nær marka bør blomen vere? Er ein Tistel ein markblomst? Kva med markjordbær? osb...Kandidatane er mange.



Den utvalde, Frk. Maurstaude, er ein liten sak som heiter Legeveronika, Veronica officinalis og tilhøyre maskeblomstfamilien. Ser for meg at dei har mykje morro, den familien der :)

Fyrste gong eg la merke til Frk. Maurstade, var ein dag eg gjekk tur i skogen. Eit teppe av desse blomane låg langs stien. Dei var ikkje høgare enn 5 til 10 cm, og det slo meg at Herren hadde laga desse riddersporeliknande staudane til maur og alt småkryp så dei også kunne få kjenne på hagegleda ;)...det er skoen min de ser i bakgrunnen der...




Litt fakta om kandidaten: (henta frå nettet)

”Apotekerblomsten” Veronica officinalis. "Veronica" = navn på den hellige Veronika og "officinalis" = hører til på apoteket. Til tross for navnet, er ikke legeveronika ofret mye oppmerksomhet i nyere urtebøker, men i eldre urtemedisin og i folkemedisinen var planten ganske høyt verdsatt.

Den danske urtebokforfatteren Simon Paullii forteller at det var jegere som oppdaget plantens legende egenskaper. Det skjedde da de så at en hjort som var skambitt av en ulv fikk sårene leget ved å spise legeveronika.

Maria Treben angir at legeveronika kan utgjøre et fint innslag i blodrensende teer, og sammen med friske brennesleskudd skal den kunne kurere kronisk eksem, og være spesielt fin ved alderdomskløe. I følge Maria skal en kopp te før sengetid virke beroligende.

Rolv Hjelmstad angir på sine urtesider at legeveronik kan benyttes mot luftveiskatarr, hoste, forkjølelse, infeksjoner i munn og svelg, diaré, fordøyelsesbesvær, byller, betente sår, brennkopper og nervøs utmattelse.

Frk. Maurstaude



..min kandidat til Frk. Markblomst 2009

Eg må få addera at grunnen til at den vert kalla Frk. Maurstaude er at då eg låg der og rulla meg på bakken, i eit tappert forsøk på eit godt bilde, nytta ikkje mindre enn to maurar sjangsen til å gjere sitt i buksa mi...ja, da va ildt...

mandag 13. juli 2009

Litt skremd...

Det er sumar og alt er vakkert. Det er overflod av alt som er godt. Vaksne og born tek store uttak frå Lykkekontoen. Harmonien er fullkomen...



..hadde det ikkje vore for det forbarka H1N1-viruset....

søndag 12. juli 2009

Frukost på terassen..



No skriv dei at da e slutt på finaveret. Da e greitt da og. Me treng eit pust i bakken i all denne nytinga. Me må arbeida litt og...me kan ikkje tømma lykkekontoen heilt på ein gong...

fredag 10. juli 2009

Minne...

onsdag 8. juli 2009

No haustar eg det eg ikkje sådde...


Guds frie natur byr no fram sine rike frukter. Bær i alle slags former og smakar. Nøt og røt. Snart står soppen og ventar på meg også...;) Det er berre å ta for seg folkens. Plukk, haust, et og vær glad!

mandag 6. juli 2009

Carpe Diem..

Sommaren er ubeskriveleg vakker. Kvar dag skjer nye mirakel i hagen. Huset flyt...men kven bryr seg :)


fredag 3. juli 2009

Rosina i pylso..

Dette innlegget er ei lita helsing til Julie som har lukka og stengt bloggen sin av nokre forståelege grunna.



Då eg byrja å blogga las eg alt eg kom over, auga vart stort og vått og bloggrollane mine ville ingen ende ta. Slikt måtte no enda med kolaps, og da gjorde det. Plutseleg ein dag tenkte eg at eg kom til å stryka med om eg såg ein kvitmala skjenk til....det gjorde eg ikkje, og kjem vel aldri til å gjere det...eg likar kvitmala skjenkar, men eg slutta å lesa kreti og pleti og fekk meg ei kort, men fast liste med bloggar eg ville fylgje med på. Julie var ein tå dei...



Tåssje me ikkje får lesa meir frå din penn, du gjorde da kjekt her på internetten....du vert sakna.

onsdag 1. juli 2009

Hjartemedisin..