søndag 28. juni 2009

Hakkadalen

Sjå Hakkadalen ligg og gjøymer seg mellom dei stupbratte fjell,


der elva så hastig fløymer og buldrar i svimlande gjel.


Der garder med eng og marker ligg vakkert og fredfullt i lag



om høgfjell for synet stengjer



du finn ingen betre stad...

onsdag 24. juni 2009

Da hjarta er fullt av, renn munnen over med....

Orda er henta frå sjølvaste Skrifta so rett må da vera..



Av og til tenkjer eg at det er så stille her at me vert litt tause berre av det. Å snakka, å heva stemma, bryt stilla og lagar uro mellom fjella. Så me seie no ikkje so mykje. I alle fall ikkje høgt....



Likavel er ikkje hjartena våre tomme, nei, dei er fulle.



Fulle av fred.


Og då er munnen det og...

tirsdag 23. juni 2009

Jonsok på landsbygda

Med kyramøk og bålforbud, svidde pølser og trekkspel...


mandag 22. juni 2009

Krosved

Krosved er ein plante eg kom over heilt uforberedd. På ein sykkletur på ein gamal ferdaveg skein desse vakre blomane mot meg i ei fjellsida.



Fyrst tenkte eg på Hortensia men Krosveden hadde ansleis blad. Den høyre til kaprifolfamilien og går blandt venner for Viburnum obulus.

Blomane er lett giftige og bør kokast. Er likavel ein mykje brukt plante i Aust Europa, både til mat og medisin. Vakker er den og, og fortener ein plass i hagen!

"Blomsterstanden hos vanlig korsved har to slags blomster. De midterste er små, gulhvite og tvekjønnete, mens de ytterste er store, rent hvite og helt uten befruktningsorganer. De store, sterile randblomstene tjener altså bare som et visuelt lokkemiddel for pollinerende insekter, og til glede for oss mennesker. Det er de sterile randkronene som gir korsved den største prydverdien når den blomstrer. "

Her kan de lesa til auga vert stort og vått!

torsdag 18. juni 2009

Bind deg ein blomekrans

Bind deg ein blomekrans,
kom så til leik og dans,
fela ho læt no så
vakkert i lund.



Kvar dag været tillet det, syklar eg på arbeid. Då ser eg verkeleg alle dei flotte blomane som veks vilt langs vegkantane våre. I kveld gjekk eg ut og plukke nokre og band meg ein blomekrans..





NB! Klikking er bra :)
Blomane eg nytta var Marikåpe som det grøne innslaget og som fyll. Ein utruleg vakker plante som veks nesten overalt her hjå oss. At eg er glad i Storknebben er vel ikkje nytt. Det kvite innslaget er Hundekjeks eller skvalderkål ( Nokon som kan seie for sikkert?). For å få litt rosa farge måtte eg plukke med meg litt Vendelrot. Alt henta frå vegakanten...

Sit ikkje stur og tung,
syn at du og er ung,
veks fri som fagre lyng,
dans no og syng

mandag 15. juni 2009

Å vaske seg

Å vaske seg - det er slettes ikke godt. Børsten er bustet, og vannet er så vått. Nei skrubb og børste og såpevann, er ikke noe for en røvermann. Torbjørn Egner


søndag 14. juni 2009

Frøken Stemor 2009

Eg har lenge fundert over om eg hadde noko egna kandidat til denne konkurransen. Eg har ein del stemor rundt omkring i hagen, men ingen har på noko måte skild seg ut frå resten.




Stemorsplantane mine dei har det best saman trur eg, som store italienske familiar står dei og breier seg i store tuer. Det er kamp om både plassen og merksemda...


Som de ser her, sjølv i dauden fer dei i flokk. Difor vart konklusjonen slik, min kandidat får med seg heile slekta:

Frøken Berlusconi med familie!

Kandidaten er ikkje utvald etter utsjånad og sjarm, men fordi den representerar familien best. Legg spesielt merke til dei tre ugifte og høgtflygande tantene i bakgrunnen. Kven som er kven er litt usikkert, men kandidaten er er ung og sjenert og gjøymer seg bak ein litt uklår, og fleirfarga onkel. Og om du er heilt stille so trur eg du høyre lyden frå heile slekta.....

lørdag 13. juni 2009

Den blå timen..






I rekkjefylge: Presidenten, Skogs-for-glem-meg-ei(?), Lupin, Stemor, Lobelia, Syrin, Kattemynte, Iris, Forgelmegei, Storknebb, Valmuesøster og til slutt Honningknoppurt.