søndag 30. august 2009

September...


No er sumaren over. No er det ikkje lengre eit snev av håp. Regnet kom og tok oss, vaska sumardraumane mine vekk. Ja, da rima på bekk, men eg let meg ikkje freista. For september har eg tenkt, skal verta rikt på gjesta..



Eg har tenkt å pynta og koka, duka og dekka. Damaskduka utan flekka. Sola og varmen som aldri kom, den får me finna hjå kvarandre....

Sender ein varm tanke til mali-mo familien og så i kveld, de er i mine tankar...

lørdag 22. august 2009

Helg..

Takkar for alle fine tilbakemeldingar eg har fått på innlegg i det siste.


Er litt utor slag for tida og sit berre korte stunder her framfor verdensveven. Kjem sterkare att seinare...Ha ein fortryllade sundag!

torsdag 20. august 2009

Kjenner du denne?



Denne karen har vokse i eit av bedda mine i heile sommar. Eg hugsar ikkje å ha planta den og trudde lenge det var ein forvilla hekkplante eller noko, sidan den har ein buskliknande vekst..men er ein liten plante. Den har styrt på i heile sommar og har fyrst sprotte ut i dag etter lang tid i knopp...

Eg tenkte at dette måtte verte noko fantastisk....og det er det jo på ein måte og...blå klokker, veldig store i forhold til planten..og veldig attraktiv for fluger....

Nokon som veit?

Morgenstund har gull i munn..


i allefall i dag...

lørdag 15. august 2009

Då heimkunnskapslæraren strauk på gelèprøven..



Ja, det var ikkje utan grunn at innlegget under var so kort. Som de sikkert har fått med dykk (dei som har fylgd meg ei stund) so likar eg godt å lage all slags underleg mat, eller helst norsk mat med opphav "rett borti lia.". Å tru at eg nyt alt dette sjølv er å ta feil, men berre litt... Eg vil so gjerne glede mine vener og familie med slike kuriositetar som feks. bjørkesirup og hasseldram. ..eller rogenbærgelè.....

Eg pakkar inn og gjev bort, vel vitande om at mykje vert ståande i eit skåp ei obligatorisk tid før det får sitt endelykt i kompostspannet..."trur ikkje ho heilt veit kva ho driv med"...tenkjer dei vel, og til tider har dei nok rett i da...



So ja..da hende eg et litt for mykje tå da sjølv. Eg er jo vaksen opp med at ingenting skal kastast, so då kastar eg da i meg sjølv, og ser ut deretter..... Tilbake til rognebærgelèn. Då eg skulle lage den her i fjor fekk eg den mest utrulege smaken fram. Den var heilt herleg. Berre eit problem. Eg strauk på gelèprøven.

Gelèprøven er ein prøve dar ei skei av oppkoket skal leggjast på eit fat og kjølast ned eit bel for så å dela seg som Raudehavet gjorde for Israelsfolket når ein dreg ei skei gjennom. Heile israelsfolket hadde drukna og verdshistoria hadde måttast skrivast om, hadde gelèn min vore standaren. Eg har kokt i timasvis og i åravis utan å kunna redda ein einaste ein....so i går fuska eg.



Eg kjøpte meg farin med pektin, fusk og fanteri og inga husmor verdig. Gelèn vart stiv, faktisk so stiv at eg kunne a teke livet av eit mindre dyr med den om det sto på slikt. Og som de veit, for mykje av det gode er ikkje godt i det heile..(kjem vel kanskje an på kva det gode er )

So i dag bar det til att. Bæra var plukka i går, og etter ei natt i frysaren for søtare smak for bæra i gryta att. I dag gjekk det som ein leik. Ingen fuskeknep. Og gelèn stod nok til ein Meget+.

So var det berre å finna nokon som vil eta den....

fredag 14. august 2009

Høgt heng dei...



..og sure er dei...



Oppskrift henta frå matoppskrift.no:

Rognebærgelé med eple

2 liter rognebær, ca 1 kg
1/2 kg epler
7 1/2 dl vann
9 dl sukker
Skål bær og frukt godt. Skjer eplene i betar. Kok bær, frukt og vatn til mos. Sil massen og la den sta og renna av seg i 30 minutter. Mål opp safta og kok den opp. Strø over sukkeret under omrøring og kok ytterlegare 10-20 minuttar.
Ta ein geléprøve. Ta grytavekk fra varmen og la geleen avkjølast litt. Skum av. Hell geleen på glass og la den sta og stivna. Set på tette låk.

onsdag 12. august 2009

Det var ein gong ein hjort..

som var so glad i bonden sine grønnsaker og mine hageblomar....



I lag med nye grønnsaker frå bondens åker, korv frå Evanger,pylsa frå Gilde, og heimabryggja solbersaft...smakte han heilt fortreffeleg no i kveld....

...kanskje det var det vetle hint av syrin..eller rose....eller kva det va no alt det han forsynte seg av i fjor...

mandag 10. august 2009

Attityde..



No har eg alltid sagt at det er innstillingen det kjem an på..

lørdag 8. august 2009

Dei gamle er enno eldst..

Nokre held seg bra. Nokre vert betre med åra. Desse damena fann eg tilfeldig då eg skulle tørke steinsoppen eg plukka i dag. I tørkeskåla låg blomar frå i fjor som eg redda frå dei fæle hauststormane ...



Dei fekk med til å tenkja. Eg har nådd ein slik stad i livet der ein kanskje ikkje heilt kan sei at eg er "utgått på dato", men eg har kanskje passert "best før" datoen..

Og ungane kjem med slike ærlege, men dog så avslørande spørsmål...Er du for gamal til å få fleire unga? Er du så tjukk at det er farleg?



Nokre gonger tenkjer eg det er tossje. At åra for so fort. Nokre gonger tykkjer eg det er heilt greitt...i allefall om eg kunne eldast med stil..slik desse har gjort.

fredag 7. august 2009

Då va dei her!

Til dei som er i tvil om kven eg har venta på...




Etter ein avstikkar til dyra si verden ein stad i sør, har eg i kveld etter ankomst vore i skogen. Her har det starta....

Over til noko anna: Nokre lurte på kven det var som hadde skrive dikta eg har lagt ut med javne mellomrom av Bj. A. Det er bestefar min, Bjarne Andås som desverre er død no, men som skreiv ein del dikt om livet og heimen som eg tykkjer fortener litt merksemd :)

lørdag 1. august 2009

Sommarnatt

Sommarnatt sig over landet vårt ned.
Sola har gøymt seg der langt ut i havet.
Natura ho drøymer og anda av fred.
Menneskjeborna kviler frå striden og kavet.



Alt er stillle på tun og på gard.
Livet det dormar kring lider og lundar.
Kviler frå dagen med onna so hard, -
ein soldag so varm med dei sælaste stunder.

Sommarnatt sveipest om heid og om hav, -
det vårgrøne fjell og den blåstille sjøen.
So fagert er landet Våreherre oss gav -
med lauvtunge lid og med blomar på bøen.



Sommarnatts stille og heilage fred,
breier seg mjukt kringom kollar og strender.
Berre elva ho vakker -sullar og kved -
sin sommarnatts song gjenom dalar og grender.

Sommarnatt - gjer du oss stille eit bel, -
lær oss å leva som visdomen kjenner.
Stryk du oss alle på kropp og på sjel,
so vårfrisk me møta kan morgon som renner.

Bj. A