onsdag 22. juli 2009

Da skulle vera lett..

da skulle vera lett å ha ferie. Uuthaldeleg lett...sant? Men atter ein gong har eg klart å forstrekka ein kraftmuskel i kampen mot eller med alt som skulle ha vore gjort for lenge sida, men som må gjerast i ferien skal det verta gjort....



Eg skulle ynskt at ferien ville verte kvitare og meir lyseblå, flagrande blondegardiner, lukta av varmt treverk etter lange, late soldagar. Bris frå sjøen, humlas bussssss og varmt vatn i fjøra....



Ofte tek eg meg i å tru at ferien varar fleire månadar (gjorde no det før då eg var lærar ;) og ikkje skarve tre veker..og på den tida skal eg male hus, vaske ned alle rom og alle kott, leggje stein i innkjørselen, safte, sylte, feriere, ha besøk, reise på besøk....


Fort gjort å gle seg til ein skal på arbeid att...

4 kommentarer:

  1. ..vel, bildene dine er ihvertfall så utrolig vakre at det nesten gjør vondt...

    Kose deg, senke skuldrene og
    N Y T E !

    Klem J.

    SvarSlett
  2. For nokre sommarskjønne bilete. Du får både vist og uttalt sommaren her. Nydeleg.

    Om det er mykje arbeid og mange planar for ferien, så er vel dei prosjekta også litt av feriestemninga... Men hugs å slappe av då.

    (Takk forresten for innspel på min blogg. Eg set pris på det.)

    SvarSlett
  3. Høres ut som du har nok å gjøre, men det er jo litt godt når det er gjort og du kan senke skuldrene litt. Flotte bilder du viser.
    Ønsker deg en god sommer, uansett om du må jobbe eller ikke.
    Klæm Susanne

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.