søndag 10. mai 2009

Bambi på isen

Då eg det gjekk opp for meg at Molly hadde utfordra meg til å kome med i n t e r i ø r t i p s vart eg fyrst litt fnisete, så fekk eg ildt i magen og til slutt vart eg ganske skjelven. Eg er ikkje så god på slikt interiør. Ei heller er min smak midt i leia.

Eg sug til meg idear og smarte løysingar nettopp fordi eg er ganske blåst sjølv. Eg ville aldri kunne seie noko om kva trendar som har vore og kva som kjem. Men eg er heller ikkje den som kan la ei utfording liggja uprøvd...


So då vil eg dele eit par erfaringar....

1. Keep it simple!




I min verden er "less more" og få interiørelement gjev luft og harmoni. Eg er ikkje framand for at det motsette også er vakkert. Men dei som får det til å verte vakkert er skrudd mykje meir estetisk saman enn eg er. Hjå meg vert mykje ting kaos. I tillegg har mi løysing det geniale i seg at det vert lite å rydde, lite å tørke støv av og lite å flytte rundt på. No skal det føyast til at eg faktisk har så lite av alt at det til tider er vanskeleg å ta bilder av interiøret...for der er faktisk ikkje noko å ta bilder av....så litt meir fjas og tant kunne nok ha gjordt seg hjå meg.

(Sjå bort frå einslege busskur i periferien, gamle prislappar på krukkene og bilder som enno ikkje har kome opp på veggane)

2.Ha alltid avskorne blomer i huset.



Med avskorne blomer i huset vert kvar ein trist kvardag til ein festdag. Huset slepp å gå rundt i gamle joggebukser og utvaska "te"-skjorter ;). Berre ei grein med bjørk eller noko blomstrande ugras vil omskape stova di på ein blunk. Snittblomar harmoniserar, pyntar opp og gjer inntrykk av eit hus som er bebudd av kunstneriske sjeler. Det gjev også ei kjensle av luksus.

No treng ein ikkje gå i blomsterbutikken og kjøpe seg til fant i tide og utide, men av og til kan ein godt bruke nokre kroner der også. Passar ein på å ha nokre plantar i hagen som blomstrar villig og som gjer seg i ein bukett er ein sikra ferskvare heile somaren. Ein får billege bukettar om ein handlar seint på kvelden og tek til takke med litt "slitne" bukettar som berre står kortare stunder. Sjølv får eg av mor mi, dei ho ikkje kan selge, dei står eit par dagar maks, men to dagar er to dagar meir enn ingen :)

Her er nokre små blomar eg har plukka frå krukkene på verandaen...



Og eit tips til...vask vindaugene før du tek interiørbilder om du vil brilliere..hehe...:)

Eg utfordrar vidare: Formgrafisk , Tante Mimmi og Ninas Drops

8 kommentarer:

  1. ..som eg skulle sagt det sjøl....og bambi er då svært søt..som deg.. ;)

    SvarSlett
  2. Interiørkonsulent eller ikkje; desse tipsa kan eg like!
    Likar eigentleg det meste på bloggen din eg!:)

    Kjekt å vere tilbake etter ei lang pause:)
    No skal eg surfe vidare i blogglandia!

    SvarSlett
  3. Hei igjen ! Ble litt bekymret for deg en kveld her, je. Nåja, bekymret og bekymret... Det er vel å overdrive en smule, men altså....Å lese blogger på sengekanten...?
    Men NÅ er jeg ikke bekymret i det hele tatt .
    Du er nok litt som meg du. Trender og sånne ting er ikke det jeg skal uttale meg mest bombastisk om heller, men vi HAR det da ganske hyggelig der vi bor likevel, ikke sant ? Og det er jo det som er det viktigste.
    Og helt enig med deg når det gjelder blomster.
    Og så de bildene dina da... Jøye meg !

    SvarSlett
  4. Japp, fine tips ;-} Jeg er heller ingen interiørkonsulent, og det hersker ofte mer kaos enn ro i mine pyntesakerogting.....men dette med blomster,det er så sant så sant. jeg har blitt mye flinkere til å unne meg en blomsterkvast, eller to, etter at jeg begynte å blogge. Før var det bare kun til bursdags, eller morsdags....Og selvfølgelig markblomster vår og sommer. ha en flotters uke. Synes forresten at det du viser av interiør er veldig fint...

    SvarSlett
  5. ..drømte at jeg var på besøk hos deg i natt...trivelig..du ble litt stressa da jeg kom overraskende...ellers hadde du fryktelig mange barn som var overalt...tror det var før du skrev om det enkle også...kjøkkenet ditt var maksimalistisk...ikke som in the real world...sånn kan man drømme ..og kjenne at man har møtt noen man ønsker å møte..kalles drøm....

    SvarSlett
  6. ja,ja! Må vel klare det på eit vis!
    1. rydd til du ser mannen med hjåen! (innbill deg att det hjelper- aldri sjå deg tilbake for der går ungane og rotar!)
    2. Ha alltid lysa av så ser ingen noko ting!
    3. slepp aldri nokon inn i vaskekjellarne før du har sjenka dei
    ..om lag slik eller?

    SvarSlett
  7. Blomster er så flott inne! Ha alltid bukett inne ja:) Jeg tar inn masse fra hagen, eller når jeg er på tur. På siste turen fant jeg noen kirsebærtre som hadde spredd seg ved fjorden og et lerketre. Vips, en flott bukett!

    Ha en fin uke:))

    SvarSlett
  8. "Keep it simple". Jeg liker det!!! Ja, jeg vet (om du går inn i min blogg) at jeg ikke klarer å gjennomføre det. Men jeg har så sansen. Så hvis jeg en dag får STOR plass, da skal jeg "keep it simple"!!!

    Det er i alle fall helt nydelig. For da kommer hver ting mer frem.

    Ha en fin kveld.
    Hilsen L-jo

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.