tirsdag 28. april 2009

Slike kjørler vil eg ha...








Dei er designa av Laura Stoddart som eg trur er illustratør og har gjeve ut nokre bøk. Serien heiter "Up the garden path"
Nokon som kjenner til desse og som veit om dei er å få kjøpt i Norge?

mandag 27. april 2009

Kom mai du skjønne milde!!!!!

No har eg vald meg april og blogga om vårens mange under i lange tider. Eg har vore overbevist på at den er komen og at sumaren er like rundt hjørnet. So då middagen var fortært i dag tok eg kaffien med meg på terassen, eit teppe nett i tilfelle og siste utgåve av Hagetidene. Her skulle våren nytast i djupe slurkar.



Jammen sa eg vårkos. Då håret hadde klar sidesveis grunna sterk nordavind og negelspretten kjendes heilt opp til albogane måtte eg kaste inn handkledet..eller var det ullteppet? og krype duknakka innatt. Våren har tatt seg ein liten kunstpause. Eg får planleggja hagen innandørs.



Og eg er i full gong. Fann eit framifrå tips i ei av Isabella Smith sine bøker (som eg kjøpte brukt av Duften av erteblomster). Noko ho kallar "Lergrus" skal vere både billeg og vakkert og betre enn beleggningstein på ein del uteareal. No klarte eg sjølvsagt ikkje finne ut kva dette heiter på norsk og då eg surfa meg inn på heimesida henna fann eg ut at ho var gått konkurs! (what else is new!) Og så etter litt lesing var ho ikkje konkurs lengre...eller hadde funne ein veg ut av utføret. Bra for henne, eg tykkjer alt ho gjer er ein innertiar og er oft på nettsiden hennar for augekvile og inspirasjon.

Uansett eg veit ikkje kva dei her på haugen vil kalle "lergrus". Kan nokon av alle dykk her i blogglandia hjelpe meg?

kreativ a1 (frå eng.) (ny)skapande; idérik ha k- sans

I dag har Mette i Mandagstema bedd oss vera kreative, eller visa fram nokon som er...Kanskje ikkje mitt spenstigaste bidrag, men fann noko liggjande på harddisken frå tider med meir tid....


Tre systre?
Kven er i såfall eldst? Kven liknar mest på mor og kven på faren osv...
Kanskje ikkje så kreativt som løye. Virituell morro kan ein og kalla det....
Pffff.... mandag....ikkje lettaste dagen å vera kreativ :)

...etterpå vart eg både litt heit og litt kald og lurte på om heile bidraget mitt hadde tippa øve kanten tå komplett surrealistisk....de ser at det er jakten på symmetri som er utgangspunktet for dama i tre versjona? At ein av og til lurar på om ein hadde vore vakrare om augnabrynet på beggje side låg i same slake buen og ikkje som ofte er tilfellet...eit til vers og eit på tvers....
Uff, ja, sjølvsagt gjorde de det :)

søndag 26. april 2009

Vårliv

Når kvitveisen blomstrar er tida for tapping av bjørkesaft over. Tanken på at eg allereie har hausta frå naturens overflod i april gjer meg takknemleg. Slik vil resten av våren, sumaren og hausten gå. Herrens skattkammer bugnar over med delikatesser av alle slag, i allefall her på lansdbygda.



Personleg tykkjer eg at blåveisen er ein av verdas vakraste blomar. Trist nok har eg berre sett den på bileter. Her hjå oss veks han ikkje, men den lyse systra, kvitveisen, trivest i skog og hage og me plukkar den i store bukettar. Eg klarar nesten ikkje sjå meg mett på den, noko bileta i bloggen klart reflekterar :)



Ynskjer dykk alle ei nydeleg vårveke!

lørdag 25. april 2009

Jeg velger meg april



Jeg velger meg april!
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,
-dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.



Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,
- i den blir somren til.

B.B


fredag 24. april 2009

Tida går..

Dagane flyg lydlaust forbi......sikker for dette tunet også der nokre av bygningane er frå 1200-talet og resten frå 1500-talet. Klokka er vel nyare..men ein kan vel sei at tida har fare frå henne med...




Bileta har eg teke frå Rygnestadtunet i Setesdalen.

mandag 20. april 2009

Bind deg ein blomekrans..

Ikkje lengje att no før me kan plukka blomar og binda kransar alt me orkar.



I år tenkte eg at eg skulle våge meg på litt meir slikt. Eg drøymer om å plukke inn store bukettar med roser og peonar, riddarspore, revabjøller og somarblomar i haug og dunge..men når alt kjem til alt vert eg så forferdeleg gniten og orkar ikkje plukke dei inn...dei er jo so vakre der ute i hagen...

Likavel har eg eit ynskje i år om å lage litt meir slikt som denne dama her driv med.

søndag 19. april 2009

Lykkefund...

Eg ynskjer meg ei Lykkefund-rosa til hagebogen min...




De forstår kanskje kvifor. I fylje dokumentasjonen eg har funne er den: Ny torneløs, kraftigvoksende og sterkt duftende rose med kremkvite, små halvfylte blomster i klaser.

Bileta har eg lånt frå heldige eigarar av blomen, eg neier og takkar for lånet...

lørdag 18. april 2009

Rosa magritter..

I går kom magrittene mine tilbake frå vinterlagring på "plantehotellet" . Det er kjekt å kunne sitje ute og nyte store, flotte plantar i full flor...midt i april.


torsdag 16. april 2009

Attvinning...

I dag har eg resirkulert nokre brukte foto...godt nok for ein klimakvote eller to?



Ingen skal sei eg ikkje prøver....;)

tirsdag 14. april 2009

Kjøkken for spesielt interesserte...

...




Då me bygde hus for snart 4 år sidan, gjekk da mesta på høgg og belegg. Kjøkkenet var for meg eit hovudbry av dimensjonar. Berre det å vite kva ein faktisk ville ha var vanskeleg, for ikkje å snakke om å kombinere behov, design og kapital. Me valde til slutt eit kjøkken frå Sivesind. Ikkje for dyrt , men ei heller billeg. Eine kroken vart av forskjellige grunnar litt uferdig som de kan sjå på bilde to.


Tanken var at når pengane begynna å strøyme inn, kunne me fullføre den litt meir stilfullt :) So gjekk Sivesind konkurs. Eg forandra stil...og reiste ein tur te Knarvik og kjøpte meg eit par hyller i ein blomsterbutikk og ein lampe i Farmors Hus..



Eg er nøgd...med unnatak av den heimalaga elektrikerløysinga (som skal fiksast når meir pengar strøyme inn..hehe) No manglar berre tallerkenhylla på ventresida....og ei lita list...

Stillhet

Mandagstema i dag er stillhet, eller lydlaust på nynorsk. Det er mange måtar å tolke temaet på, men eg fall ned på ei visualisering av sykkelturane eg har hatt på arbeid dei siste åra. Om sumaren prøver eg å kome meg opp i god tid og sykle til arbeid 1 mil opp i dalen. Utfordringa er alle oppoverbakkane, fordelen er den vakre stillheten eller "lydlausa"(?) eg får ta del i.



Fyrst etter å ha bestige Storhaugen møter meg dette synet på leitet før Hellandsfossen.



Etter nye motbakkar kjem eg til Holmen. Her rann eingong ei elv mellom vegen og bakkane bortanfor. Der lærde eg å symje....i lag med rumpetrolla...;)



Innover mot Farestveit der eg vaks opp....



Til slutt innsyn mot Øvre Helland...snart på kontoret.

mandag 13. april 2009

Bjørkesirup...

Ingen vår utan bjørkesirup...




Skal ein lage rein bjørkesirup må ein koke bjørkesevja/safta inn til 98% av veska er borte. Dette er eit prosjekt eg har gjort ein gong og sat att med ein bjørkesirup med ein heller stram smak.

Til vanleg reduserar eg veska til 1/7 eller 1/10 og tilset sukker og anna smakstilsetjingar. Eg likar å leggje i kanelstang og eller vaniljestang. Dette kokar vidare og etter eit bel vert veska til sirup. Her må ein passe godt på, det er fort gjort å svi sirupen.

Bjørkesirup smakar syrleg og frisk. Nydeleg på is, youghurt, kesam, pannekaker og i sausar.