fredag 27. februar 2009

Sparka i gong att...

Tenk, i dag kom blomsterbilen forbi huset mitt her langt inne der ingen kunne tru at nokon kunne....det var mor mi som hadde vore i byd'n og handla litt inn til gartneriet. Eg fekk snopa meg bukettar på alle bord med velluktande Fresia og nokre potter krokus og påskeliljer til kjøkenbordet. Heilt sidan Modern Country viste bileter av sine kvite Fresia har eg drøymt om min eigen bukett, i dag fekk eg meg 14 greiner med lys rosa og lilla blomer.




Eg kjende energien kome tilbake...blomar gjev meg mykje gleda, og i dag fekk dei sparka meg i gang att...

God helg vener!

torsdag 26. februar 2009

Utlada..

Plutseleg var det ikkje moro lengre. Springe rundt med kamera. Skrive, leike, male eller sy. Har ikkje lyst. Vil berre sitje stille. Og lade. Som eit batteri.



Med litt flaks er eg som eit av merket Duracell....

onsdag 25. februar 2009

The Wire

Eg har tenkt på det lenge men fyrst på sundag tenkte eg at eg ikkje kunne teie still lengre. Eg måtte kome med ei befaling..hehe..eller anbefaling heiter det vel.



Kvar sundag kveld går det ein serie som heiter The Wire på NRK3. Etter min smak den beste fjernsynsserie nokon gong. Eg kan desverre ikkje (an)befala folk å kaste seg med no sidan dei no er komne til sesong 4. Men om de lurar på kva serie de kan kjøpa/lasta ned og kosa dykk med, er dette ein til terningkast 6.



Den er blotta for harmoni, romantikk og anna Hugh Grant morro, den er rå og ekte, men den gjev deg sjangsen til å danse tango med kjenslene dine om du likar slikt. Spanande er den også.

mandag 23. februar 2009

Mjo og mjuk

Eg er med i Mandagstema og tema i dag er MJUK

Eg har delvis publisert nokre av desse bileta før. Dei er teken for ei stund sidan med eit gamalt kompaktkamera uten makro. Det vil seie at det var veeeeldig vanskeleg å få til desse bileta. Dei er av noko av det mjukaste eg veit...... nemleg Løvetannen!


søndag 22. februar 2009

Tanke og tru

Tanken hev sterke vengjer -
kan lyfte seg høgt mot sky.
Fritt over berg og blåner -
opp mot ein himmel ny.

Tanken kan ingen stengje -
den leikar i hug og hått, -
sigler på alfe-vengje -
sviv mellom vondt og godt.



Det seigjest at tanken er tollfri.
Du kan tenkje kor mykje du vil.
Vida vil tankane fara -
men studom so stend dei still.



Der tanken hev møtt det som stengje -
og løysinga ei er å sjå, -
kjem trua på sterkare vengje -
og ber ein yv berget det blå.

Der tanken kje fram kan finne -
vil trua deg visa veg.
og eig du ho innarst inne -
du sterk gjennom livet dreg.

Bjarne Andås

Da e svart-kvit tankegong å tru at alt var berte før...

Sidan eg alltid har likt gamle ting tenkte mor mi at eg var den rette til å ta vare på ei mengd gamle takkekort (eller kva det no er) som låg og slang heime. Desse bileta, eller korta er frå tidleg 1900-tal kan eg tenkje meg.

Det er for det meste oldemor mi som spara på desse, dei var gjeven av eigarane som minne eller takk for noko..trur eg. Ingen i vår familie veit kven alle desse håpefulle er. Eg tenkje på dei som dei dagars komfirmasjonskort. ..



Fine er dei. Finare enn dei konfirmasjonskorta og dei andre takkekorta som ligg på botnen av ein kasse hjå meg, som eg ikkje veit heilt kva eg skal gjere av. Nokon heng slike på kjøleskåpet, eller tapetiserar heile veggar med dei. Heime hjå ho mor fyller dei ei heil skapdør.

Tenk, om 90 år leitar folk etter dei på loppemarknad og hjå antikkhandlarar. Bunadskledde ungjenter tvinna rundt bjørkestammar eller staute gutar med hockeysveis på kne framfor eit eller anna husbankhus og bløtkakekledde fruer og staute kadettar i måneskinn...



Då vert desse her vist fram på kvar ein interiørblogg med respekt for seg sjølv, nostalgiske og vakre som dei då er....

Til slutt vil eg nytte høvet til å takke Koselig Koselig for ei flott fargeveke. Dette var eit kjekt tiltak som har teke meg med til mange bloggar eg ellers aldri hadde oppdaga!

lørdag 21. februar 2009

Epleblomen...

Den siste månaden har kvite ranunklar, vakker og duftrik fresia, krokus og perleblomar pryda den eine bloggen etter den andre. Og vakkert er det. Men eg tenkte at eg ikkje skulle vere ei slik hermelus og fekk ein anna super idè. Nokre flinke bloggdamer har vist fruktblomar som blostrar på bar kvist, og siste Norske Hagetiden tok også opp dette temaet. Jepp! Der var det!



Sjølv har eg ikkje fruktre grunna ung hage. Men foreldra mine har opptil fleire aplar og andre frukttre. Men mor mi trudde ikkje på dette prosjektet mitt. Det var for kaldt. Nei ,dette vart ikkje noko vetig av..osb. So ho vart litt gniten av seg då me for i hagen, vassande i snjo. To små kvistar av ein surapal som me seier...altso ikkje verdens beste epler ;)

Ideen her var å ta eit par bileter om dagen og setje det saman til ein enkel gif-animasjon for å vise korleis ein bar kvist kan falde seg ut i dei vakraste bleikrosa blomar...midt på vinteren. Noko slikt som dette -->

Eg skjøna at planen var dårleg etter ca 1 veke. Kamera var alltid oppteke, måtte ikkje flyttast og knoppane på kvisten vakst merkbart seint. Etter ei veke gav eg opp. Etter to veker tenkte eg at her vert det berre blad. I dag litt over to veker seinare ser eg at det kjem blome, endeleg...


...men eg trur at denne apalen gjev gule blomar, ikkje gamalrosa som eg såg for meg....og luktar dei, luktar dei sikkert surt og....

Og spør du meg om det ligg noko lærdom i dette..så er det ikkje det...so vidt eg veit...
God Helg!

Ikkje heilt dilla på lilla..

Etter mange dagar med visning av stort sett arkivbileter i Koselig Koselig sin utfordring, tenkte eg at i dag burde eg finne noko lilla med ein historie eller noko. Slik at eg avgrense meg litt, fotomessig. Eg er ikkje flink til det. Eg trur eg er ein minimalist, men elskar overflod...hehe...litt sjølvimotseiande ser eg.



I dag vert det difor berre eitt bilete. Ikkje av noko anna grunn enn at eg øve meg på å avgrensa meg...

fredag 20. februar 2009

Orangeriet...

...






torsdag 19. februar 2009

Gul - naturlig vis...

Etter eit lite dykk i arkivet fann eg at naturen var gulare enn eg hadde trudd...



Anbefalar eit klikk så ein kan sjå det i sin heilskap. Veit ikkje kvifor det vert so pikyrandes lite...

Torsdagsgul på sykkelhjul...

Eg hadde ein plan om kvar dag å ta med ein interiørdetalj i fargeveka til Koselig Koselig. Men då fargen vart gul var det slutt. Ingenting innomhus er gult, med mindre det er ei matvare eller ekstremkunst frå barnehagen. Kva gjer ein då? Ein går utaomhus.



På vinterlager står denne karen og ventar på vår og milevis med svart asfalt..



Nei, ikkje min...mannen sin...

onsdag 18. februar 2009

Gamal og grøn...

i motsetning til ung og skjøn som i ein grønskolling...



Det var ikkje lett å velje bileter i dag. Interiørmessig var det enkelt. Eg har ein grøn "ting" som har ført til ein del hovudbry. Denne "fiskeutstyrskassa" fann eg i naustet til bestefar min for minst 20 år sidan. Då eg gjekk på lærarhøgskulen (90-talet..som ein ser av fargen :) pussa eg den opp som ein del av ei oppgåve på Kunst- og handverkstudiet. Eg er svært nøgd med eige arbeid :) bortsett frå då....grønfargen.






.....og til eg finn ut kva som kan gjerast med den (ikkje male den kvit!!!) står den litt bortgjømt og rommar likt og ulikt.

Alt anna grønt i mitt liv er plantar og natur. Her fins eit hav å ta av og då vert det vel fort blått? :)
Kom brått i hug eit grønt bilete eg hadde liggjande som aldri passa inn i bloggen...fordi det var så grønt...
Nokre dagar etter at festen var over...:)