onsdag 28. januar 2009

Trim for eldre..

Heilt plutseleg hadde det skjedd. Utan varsel, tidleg i dag morges, kunne eg ikke leggje armane fint og mjukt ned langs sidene lenger. Akkurat som når nokon set ein fot i døra når ein freista lata den att, slik var det. Noko stod i vegen. Eller rettare sagt, hang…



3 år som ikkjerøykjar set sine spor. I dag var spora kome heilt opp under armane. Ribbefettet og tantearmane var på kollisjonskurs, med det resultat at eg var dømd til å vandre rundt med to armar stikkande rett ut. Ikke kan eg gå i butikkar lengre, tenkte eg, i allefall ikke Farmors hus på Isdalstø så tett so pynten står der. Inn og ut av rom må skje sidelengs. Militære kan eg no berre gløyma (og takk og lov for det ) og ikke er det lett å få plass i noko armkrok lengre heller…



Nei, slik vil eg sjølvsagt ikke ha det. Så eg stod og vurderte alternativa. Eg har minst 15 dvd-ar frå iForm. Mykje god trim der.(Eg har abonnert på iForm i uendelege tider, likavel er eg det ein kan kalle god og rund…og der i dag stod eg og lurte eg på om eg såg akkurat ut som ein gjennomsnittleg abonnement av..ja, iForm? )

Tilbake til DVD-ane. Problemet er at underteika har lagt ned veto mot TV i stova, slik at TV og DVD er forvist til loftstova med tilhøyrande skråtak som startar på nokon og 80 cm. Med eit ”vingespenn” på nærare 180 cm kan de tenkje dykk til skrik og bannskap kvar gong eg har prøvd meg på strekk og bøy der.



Einaste alternativet var ut. No har det seg slik at eg rekk akkurat ein kjapp tur før mørket sig på etter arbeid. I dag var det ingen nåde, på med regnjakke og fjellsko før eg visste heilt kva eg held på med.



Eg held høg fart, me bur i skogen og skogsvegen var i dag full av spor. Hjort, rev…og såg eg bjørn?? Eg sprang. Det kryr av gamle utløe og skumle plassar for ei engsteleg sjel på tur i skumringen. Godt halveis, dvs. etter ca 10 minuttar slo ei gamal fødselsskade inn.( Ja, ikke min eigen.. ) Da gjekk seigare etter det. Halt og sliten drog eg meg då til slutt øve målstreken etter ca 30 min. Eg både såg ut og kjende det som om eg hadde gjennomført ein maraton. Heldigvis skal akkurat det vere bra å ha på CV-en sin har eg høyrt…



Så då er det gjort, eg har gjort noko med det. Eg har utfordra sideflesket til kamp. No skal eg berre brodera litt og håpar da gjer undeverker på tantearmane…

8 kommentarer:

  1. ...no må du roa deg litt til eg e ferdig med å redigere...kjapp som få du..er nok i goood form...

    SvarSlett
  2. Hahaha !
    Du skriver så bra !
    Jeg kan anbefale en par døgn med skikkelig omgangsyke - minus 2 kilo på to døgn....
    Og ja, jeg VET hva jeg snakker om !

    SvarSlett
  3. ..herlig skrevet..og vi kan jo trimma i lag vi to....da hadde sideflesket fått gjennomgått hos både deg og meg...endelig heime....no kan du sjekka innlegget mitt...kjapp du...

    SvarSlett
  4. ..du skjønne at detta e ein prosess...stadige forandreinger..er turvande....og mø..ja da enda med da..er me i same bås??

    SvarSlett
  5. He-he!
    Kva skal eg sei?
    Kanskje at dette var jo ustyrteleg morosamt å lese!
    Vel øvestått trimtur- og fødselskadar som slår inn frå høgre kan me jo drøsa om over ein kopp kaffi!;)
    Og videoane frå Iform dei står så flott i hylla- tar seg godt ut der! Det ringte ein "fjomp" frå austlandet "Jeg ser at du har vært en ivrig leser av I form, og lurte nå på om...." Bla-bla-bla! Tullebukk! Eg har meldt meg inn og ut som ei svingdør alt etter kva dei lokkar med- vindjakke- dvd- pilatesball-...!
    Akk, ja!
    Men veit du Britt, du har gjort det værste- du har tatt DØRSTOKKMILA! og då er du jo i gang! :)
    klem!

    SvarSlett
  6. Lykke til, og om dette er "ramme alvor" henger du bildet av Bo Derek på kjøleskapdøra, det hjelper i alle fall her i huset.
    Rettere sagt på fryseboksen her da, for denne dama er "isoman" :-)))

    SvarSlett
  7. Frisk og morsom tekst og bilder! Godt fortalt og lett og kjenne seg igjen i!
    Lykke til!

    SvarSlett
  8. Ojda, her var det oså en personlig kamp mot "volangene" :) De har sneket seg på hos meg også er jeg redd og startet faktisk senest mandag med cardio og styrketrening. Jeg var skjelven i et døgn etterpå og enda er musklene såre. Var det ikke Torsdag i dag? Shit, da er det vel på tide med en tur igjen. Vi får glemme lysten og skru på autopilot. Jeg kjemper med deg, kom igjen venn!

    Klem

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.