tirsdag 13. januar 2009

Frk. Frost på is....

I dag handlar det om å leggjast på is. Når me vanlegvis legg noko på is, gjer me det for å bevare det lengre.

Snakkar me overført tyding, legg me vel saker og ting på is då og. Ofte snakkar me då om litt vanskelegare saker, ting me ikkje vil ha eller forhalde oss til akkurat i dag.


Ein legg vanlegvis ikkje tulipanar på is. Desse vart lagt der grunna latskap. Dei skulle i komposten, men det var for langt å ga. So dei dala ned i ein mellomstasjon, i trillebåra utanfor terassen. Lite visste eg at det ville forlenge livet deira med nesten ei veka. Ja, livet er vel å dra det vel langt, men mine auge fekk nyta venskapen deira ei veka lengre. At halvvisna tulipanar kunne vere so vakre som desse var der dei låg i snjoen og blenkte hadde eg aldri trudd...

Og slike dagar ein kjenner seg halvgamal og rusten, litt vissen, då funderar eg over om det hadde gjort seg...å lagt seg på is eit bel. ....

So her er min kandidat til Frk. Frost.....Frk. Tuilpa Mortem


6 kommentarer:

  1. Ja det er et virkelig godt bidrag synes jeg=)

    Går og legger meg litt jeg nå..men ikke på is...hi hi.. kanskje det kunne vært noe for så å våkne med en kur for (ME...?) yoho...

    Ha en varm dag=)

    SvarSlett
  2. Denne kandidaten var veldig spesiell:-) Forfall kan og være vakkert ja. Flott kandidat!!

    SvarSlett
  3. jøye så flott!
    Kjempehyggelig at du er med denne gangen også :D

    SvarSlett
  4. du har inspirert!!!! Kikar på rosene på utsida av gluggen utan frost, men på eit vis i livet!

    SvarSlett
  5. ..ja du vet kenguru først..så sjokolade til dessert....etas og badas i...hærrrleg!!!

    SvarSlett
  6. Vakker det også. Der ligge de som en dekorasjon i snøen og lyser. Herlig:)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.