torsdag 30. oktober 2008

Heime med sjuk...nakke

...men sola skin..



Då eg endeleg vakna, skein sola. Då eg kjende etter kunne eg ikkje hugse sist eg hadde sett sola skine i stova. Det har regna i helgane og om dagane ellers har eg vore på arbeid når sola skein. med andre ord, det var ei fin oppleving :)

Så eg tok kameraet med rundt og knipsa litt. Kunne ikkje knipse so mykje sidan eg tutla rundt utandørs i nattkjolen og samstundes hadde svært liten radius på hovudet :)



Sjølv om dei fleste er klåre for vinteren, finn eg stadig plantar som ikkje klarte å rekke festen. Som no står klare, etter at dei andre har reist heim....

onsdag 29. oktober 2008

Under veret...

...kanskje ikkje heilt min dag i dag. Fekk meg ny skjerm, men kor lenge var Adam i Paradiset? Kalibrering er ikkje heilt mi gate, og denne skjermen er ikkje state of the art (les... den er billeg) så eg ber og håpar at de ser nesten det same som eg ser....




Kava meg inn i kottet og grov fram noko gamal julepynt...prøvde å få den til å sjå ny og lovande ut...jaja, me har no alle desse nettbutikkane. Kanskje på tide med ein surferunde :)

mandag 27. oktober 2008

Ny sengegavl..

Eg har slik rammemadrass som mannen er så glad i (god å sove i), og i årevis har eg leita etter ein fin sengegavl. Ingen eg har kome over har eg likt godt nok til å kjøpe, eller lage om det var ei gjør-det-selv oppskrift eg fann. Men no, i dag fann eg noko eg likte...måtte berre vise det i kveld...


Biletet er henta fra Isabellas sine heimesider. Desverre er nettsidene langt unna kvaliteten på sjølve magasinet, men akkurat denne ideèn likte eg. Lage sengegavl av ei gamal dør :)

Her kan de lese heile artikkelen!

Om å kle av seg, eller handlar det om å kle på seg?

Det handlar i alle fall om bøk. Og kva ein les og ikkje les. Om det ein les gjer deg til den du er, så er dette både påkledning og avkledning.

For nokre dagar sidan fekk eg ei litterær utfordring av Astrid i Frå eit A4-liv. Eg stel ordlyden i utfordringa frå Astrid sin blogg: Eg skal vise fram bøkene i bokhylla mi som er til inspirasjon, nytte og hygge.

Dette vart litt slik innoverskuing dette. Eg trur ikkje nokon her ute er voldsomt interessert i ei djuptfyljande utgreiing om mitt forhold til bøk generelt. Men eg kan kort sei at det er eit godt forhold.

Ikkje alle bøk til hygge har eg i bokhylla. Dei fleste i den kategorien finn eg på Folkebiblioteket i Bryggjeslottet :) Det er også med litt tristess eg må innrømme at eg ikkje har interiørbøk ståande og smile i bokhylla heller. Men eg har blad!!!!



Eg har i haug og dung, eg har i kister og i kassar og eg har på nattbordet og under senga. Favoritten her er heilt klart danske Isabellas. Der sit eg på så godt som alle utgjevne eksemplar.

Eg likar krim og har hatt favorittar som Jo Nesbø (frå fyrste bok), Liza Marklund, Mary Higgins Clark, Henning Mankell og Gert Nygårdshaug. Sistnemte har også forfatta ei av mine favorittar når det gjeld skjønlitterære bøk, Himmelblomstreets muligheter.

Ellers likar eg Hamsun (utan andre sympatiar :) og Bibelen er også med i bokhylla. Herifrå er mitt kjæraste sitat: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for sjela. For mitt åk er godt, og mi bør er lett.» Matt. 11.25-30.

Sjølvsagt har eg mengder soppbøk som eg stadig hentar ut or bokhylla og les som om det skulle vere anna smusslitteratur. Kokebøk og handarbeidsbøk er også avhengig av. Ein klår favoritt for augneblinken har eg allereie skrive om her. Ingen av paiane eg har laga frå den var anna enn fantastisk.

Eg likar gamle klassikarar som An-Magritt av Falkberget, Hellemyrsfolket av Amalie Skram og historien om Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset. Men slit litt meir med dei moderne variantane, Isfolket mm.
Ellers må eg tilstå at eg brukar internetten mykje. Eg arbeider digitalt i arbeidet mitt og er online 20 timar i døgeret. Det seier seg sjølv at eg hentar mykje inspirasjon, nytte og hygge derifrå, og sjølvsagt som ein konskvens av dette har IQ-en vorte redusert ein del på dei siste åra :)

...gurimalla, dette vart eit turt innlegg. Eg får avslutta med noko meir saftig.

Ulvemjelk heiter denne flotte soppen.

Og utfordringa sender eg vidare til Marit i Miamor.

lørdag 25. oktober 2008

Siste rest av sumar...

lukka eg inn frå hagen i dag. Det er surt å vere på Vestlandet denne helga. Vind, flaum og striregn. Trugsmål om mange minusgrader neste veke fekk meg ut i hagen. Eg tok alle roseknoppane som var att inn hagen og laga meg ein liten, provisorisk roseknoppkrans...

Siste pust av sumar..




Som vanleg ein regntung laurdag i oktober var det bedehusbasar i dag. Tre og ein halv time med andakt, song og åresalg.

Sat der og drøymte meg vekk, til hennar mor sine kvinneforeningar. Då eg var liten kom kånena ein gong i månaden. Dei fekk kaffi og kaker. Saman hekla og strikka dei vinstar til den årlege bedehusbasaren. Då var det mykje flott husflidsarbeid å vinna. I dag var det kjøpesaker for det meste. Eit og anna strikkapar med sokkar var der no. Sjølv vann eg 20 kg poteter :)

So tenkte eg då, at i desse retro tider, kanskje me skulle ha starta oppatt ei kvinneforening, med kaker og strikketøy?

..jaja...snart er det jul...

fredag 24. oktober 2008

Fiskekiste....

No har denne fiskekassen frå bestefar min ste ute i 2 år. I dag fekk den kome inn i varmen. Desverre trur eg at den er bebudd av små karar som likar treverk....nokon som kjenner ein god kur?





God helg!

Fyrste bloggrelaterte yrkesskade

Då eg vakna i morges sat hovudet litt til høgre for normalen. Eg reis opp og entra kjøkkenet vindskeiv og krokut og innsåg at fyrste konsekvens av intesiv blogglesing hadde inntuffet.



Eg veit det er vakkert, eg veit det er magasinifisert...det liknar litt på bileta fra dei flotte blada "Kvitskurte heimar på den svenske landsbygda med ett snev av New England i shabby fransk stemning" og kanskje verst av alt, eg gjer det sjølv.



Desse utsnitta. Desse overmikrofiserte skråmotiverte bileta vi legg på bloggane våre....


Men me gløymer ein ting..hjerne vår. Hjernen vil ha meining, hjernen vil ha oversikt og heilskapsforståing...og då set me der (kanskje det er berre meg?) litt på skrå, tippar hovudet på halv åtta for å prøve å forstå..kva me ser....er det eit speil? kva var det? Er dette frå kjøkkenet? har dei kongler i suppeskåla? Fyre dei lys opp inni skåpet? osv...


Og so sit eg her i dag då....vindskeiv og verkande med min fyrste bloggrelaterte yrkesskade....

torsdag 23. oktober 2008

Matprat....dått nått..

Då det i lunchen i dag kom fram at mesteparten på hovedkontoret (da è oss) grunna kurs, konsulentoppdrag og avspaseringa var bortreiste i morgon, fall kommentara om at vinlotteriet skulle haldast i dag, og at dei sedvanlege fredagsvaflane ikkje kom til å verte noko realitet i morgon.

I korte trekk, dei som telde var vekke og me andre var knapt verd knekkebrødet me knaska på....

Stor i kjeften som eg er, sa eg at i morgon skulle eg lage lunch, og da va no berre med måte alt eg skulle stelle i stand til oss "idiotane" som var att.

Til vanleg er me nærare 30 stk som et lunch på bygget. Me har eige kantinepersonale og flott oppdekning. I morgon er kantinedama(?) sjuk og eg skal altså ta over...ikkje fø at eg må, men for at eg er så stor i kjeften...

Ja, ja. Kan no ikkje vera so vanskeleg. Berre da at eg har liksom lova noko litt utor da vanlege...

Eggerøre...? Karbonadar? Gryterett? Pastasalat? jau, greitt nok, berre da at da e da vanlega...og eg må lage noko utan om da...

Nåken som kan hjelpa ein storkjefta idiot med menyforslag til lunch for 7-10 forventningsfulle medarbeidarar.....?

pffff...........................

onsdag 22. oktober 2008

So har me fuska litt...

Sidan nokre lurte på korleis me gjennomførte denne forsylvingsprosessen tek eg no eit kort samandrag med dei bileta eg har tilgjengeleg.

Fyrst kjøper/finn du rammer du vil bruke. Malar dei mørk brun eller svart. Dette fordi sylvet ikkje vil dekke alt (skal heller ikkje) og det er ikkje pent når det skin gjennom grønt eller gull...(som eg skal vise seinare nede i innlegget.)

Så logga eg meg på Panduro og kjøpte dette: Metallblad - Sølv, lim, og en beskyttelseslakk, ei slags forsegling. Den har de ikkje lengre på Panduro. Alt dette får de som bur meir sentralt i vanlege hobbyforretningar.



Penslar må ein og ha. Ein til limen og ein til å leggje metallbladet på ramma med.


So er det berre å setje i gong. Fyrst penslar ein ramma med limen. Let den turke i ca 10 min slik at den vert seig og god. Tek passande stykke sølvblad og legg dei varsamt ned på ramma. Penslar dei utover. Når ein er ferdig vil det sjå omtrent slik ut:

La alt turke eit bel. Ta so penselen eller ein mjuk kost og kost av alt sølvet som ikkje heng fast i limen. Dette sylvet tek du vare på og brukar ein anna gong.

Når ramma er kosta, lakkar eg den med forseglingslakk og let den turke før eg set bileter inni. 


Om de ser på bilde nr. 2. ser de at ramma til venstre har vore gullfarga. Eg gløymde (?) å male den og når sølvet trekkjer seg bort, viser gullfargen...ikkje pent.

Fordelen med ein slik framgongsmåte er at ein får alle rammer i same tone/farge/utrykk, nokre malar dei kvite, det fungerer også, men dette er klart mest tidkrevande og då sjølvsagt ei større bragd...hehe.

tirsdag 21. oktober 2008

Keisarens nye klede...

Sidan ein fyrst er heime med sjuke ungar, kan ein no likeeins ha det litt kjekt. I dag driv eg og forsylvjar (?) rammer eg har kjøpt på brukthus og Fretex.


mandag 20. oktober 2008

20.10.1967

kjensle.......


gåver...........