søndag 7. desember 2008

Advendt til slutt..

Lenge har eg utsett å lage advendstaken klar. Eg brukte litt tid på nettet for å finne idear til fine løysingar. I år såg eg at det var mykje kvite kubbelys med litt mose i avlange kar. Eg tykkjer at det er svært vakkert, men sidan eg er glad i levande blomar var eg på jakt etter slike idear. I fjor fann eg ein i Isabellas.

Men dei brukar noko dei kallar Afrikanske kongler som eg ikkje finn her hjå oss. Trur det er ein slags artisjokk(korrekt meg om eg tek feil) og blomsterhandlarane seier at den må bestillast og er uforsvarleg dyr. Kransen frå Isabellas er klart den vakraste, men eg vart nøgd med min i år også. Det er heilt fantastisk å ha roser i stova funklande i det vakre skinet frå advendslysa.



Sjølvsagt må rosene skiftast ut i løpet av den lange advendtstida, eit par tre gonger reknar eg med. Det kjekke med det er at ein kan skifte litt stil eller fargar undervegs.

Trur eg skal melde den på å månadens konkurranse hjå Moseplassen om den går gjennom nålauga. Eit av krava der er at den skal ha eit navn og då trur eg at den må heita:"Det hev ei rosa sprunge"...var det eit litt rart navn kanskje?

Fortsatt god advendt alle saman og takk for hyggjelege kommentarar på innlegga mine. Har hatt travle dagar og då vert desverre litt tilfeldig kvar eg legg att eit ord eller to. Men frå i dag med skal eg trappa ned mot jol. Då skal eg surfe rundt på dei vakre bloggane dykkar og kose meg verre :)

9 kommentarer:

  1. Denne var vakker!!!! Nydelig med de rosene, her ble det litt mer sånn rasket sammen...kremt;)
    Ha en fin fin uke:)

    SvarSlett
  2. Det var utrolig vakkert med roser i adventskransen. Det var nytt for meg og noe å tenke på til neste advent. Lykke til i moseplasskåringen.

    SvarSlett
  3. Vakkert og stemningsfylt som vanlig hos deg...her er en lite rapport fra København...sliten på hotellrommet etter en tur i Tivoli...kjempekoslig..gleder meg til nesten 2 dager til her....Ha det flott der opp!! Klem :)

    SvarSlett
  4. Dette er ein av dei vakraste eg har sett her inne! Så nydeleg med levande blomar til dekor:)
    Eg har vore heldig å fått bruke den adventsstaken som eg har vakse opp med, det er noko spesielt med den synest eg... I andre sine auge er han kanskje både kjedeleg og avleggs, men i mine auge er den så mykje meir:)
    Eg pressar inn litt tid til blogging eg og, men det er ikkje alltid eg rekk å legge att kommentarar.
    Ynskjer deg ein fin kveld!

    SvarSlett
  5. For ein vakker krans... Og ja, du må garantert melde den på konkurransen, og du du må heilt klart kalle den "Det hev ei rose sprunge". Det er ein av dei nydlegaste julesongane eg veit... Lykke til!

    SvarSlett
  6. Denne var VAKKER......
    Fantastisk flott...

    Klem,Kari

    SvarSlett
  7. Så utruleg flott den var, og verkeleg ein verdig kandisat i konkurransen:0)

    SvarSlett
  8. Tusen takk for kosleg helsing inne hos meg! Kom gjerne på besøk; her er det alltid opne dører og kaffi på kanna!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.