søndag 2. november 2008

Smalahåvefest på Stoff og Stil...

Nei sjølvsagt ikkje. Dette var ei kort oppsummering av siste dagars event. Fredag var det duka for årets smalahåvefest. Det er ei årleg tilstelling som mor mi og systrene hennar står for. Heile den sida av familien er invitert og store mengder kjem. Der kjem stort og smått og det er ein framifrå sjangse til å følgje med resten av slekta. Ein vert kjend litt på nytt kvart år og klarar å fylgje med på nye partnarar og born som poppar ut over alt ;)


Til dei som vemmes litt av ordet "smalahåve" kan eg fortelje at det er mange år sidan me gjekk bort frå tradisjonell servering med havle håve på tallerken til ferdig renska kjøt på store fat med kålrabistappe, kokte pote og korv til. Det ser godt ut, det smakar godt og det er veldig kjekt. Angsten slår inn fyrst når det går opp for ein stakkar kven som må trå til om nokre år, om tradisjonen skal leva vidare.....

Desverre ingen skarpe bileter frå den festen. For mykje folk, for mykje slekt :) de får nøye dykk med det litt uklåre intrykket av kokkene våre.

Laurdagen skulle me på besøk til svigers og då fekk eg lokka heile familien med på Stoff og Stil i Åsane. Gudbetre, det var som å kome i himmelen. Etter 20 år med quiltebutikkar, var det befriande å finne så mykje stoff samla på ein plass. For ei stoffavhengig dama som meg var det sjelebot å setje foten inn ein slik stad.

Slik såg ikkje resten av familien på det, ungana kjeeeeeeeeeeeeeeda seg frå sekundet dei var innom døra og mannen hang på vogna og mumla ironisk noko om at det mest spanande han kunne finna her inne var ein sakseslipar. Jaja, dei hadde no tv-krok så eg lasta av døvekta og seig rundt i lokala med vogna mi. Utruleg....fantastisk.....

Kjøpe ikkje mykje, skal reise aleiene neste gong :) men noko fint tok eg med heim. Ja, med ikkje så mykje meinar eg bla. 20 meter gardinstoff som ikkje heilt passa...(den kjem eg nok tilbake til her snart)

Ein annan stad fall eg for ein pute dei nok har importert frå ein nedlagt bordell ( i fylgje min mann :=)..måtte berre ha den..som dei seier. Ingenting i resten av huset passar heilt i lag med den, og kanskje nettopp derfor passa den heilt perfekt inn.

4 kommentarer:

  1. ja..hadde jeg visst at det var smalahovefest på stoff og stil...!!! men nei..det var det da vel heller ikke...har hatt sylørdag, og kost meg med stoff fra den butikken du var innom...ligg et julekjolestoff der og frister også...hvis ikke du har kjøpt det da....???

    SvarSlett
  2. Røykt smalahåve er noko av det beste eg har smakt! Sjølv ikkje eit noko fråstøytande synsinntrykk kunne ikkje øydeleggje den gastronomiske opplevinga...
    Skulle ynskje at eg kunne vere tradisjonsberar på tillaging av slik ein god mat, men her på Sunnmøre har det ikkje vore tradisjon for denne type matrett.

    Eg ynskjer deg ei fin veke!

    SvarSlett
  3. Eg skal også ha meg ein tur på Stoff og Stil snart... Men helst utan mann og barn så det må planlegjast nøye for ein stakkar utan lapp, sukk.

    SvarSlett
  4. En slik fest skulle en vært med på! Håper den var fin.....Hege

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.