onsdag 3. september 2008

Presentasjonen

Kven eg er?
Kven eg er kan nok rettast visast gjennom det eg likar.

Akkurat no likar eg SOPP!



Eg likar heile hausten å gå i skogen på leit etter sopp. Finst ikkje betre fritidssyssel enn det. 14 turar på 14 dagar, aldri kortare enn 2 timar, helst dobbelt. Massevis av frisk luft og god trim. So kjem ein heim og kan med fangsten trylle fra dei lekraste rettar.


Eg likar å ha ein plan



Eg likar heile tida å ha prosjekt som gjer at ting rundt meg er i konstant endring. Eg leitar etter det optimale. Finn det aldri. Leitar likevel. Det vart etterkvart også naturleg å bry seg om interør og det eg har rundt meg. Huset vårt er 3 år no. Hastig og litt planlaust kom det til. No prøver eg å finne harmoniar.

Eg likar blomar

Kvar dag det gror i hagen må eg ha meg ein rundtur for å gjere meg kjend med alle dei små og store endringane som har kome i løpet av natta. Denne turen gjev stor fred. (så lenge hjorten ikkje har vore her og ete opp alt som er vakkert) Hagen er ny og det meste av arealet er framleis ukultivert. Gler meg til framtidige prosjekt rundt huset.

Eg likar saum
"Bratte Bakkar" er glad i handarbeid og lagar mykje forskjellig. Men ho har desverre vanskar med å gjere arbeida sine ferdige. Er litt utolmodig" (Var å finna i ei vurderingsbok ein gong på 70-talet)

Eg likar frukt og bær
Eg likar å plukke bær og hauste frukt. Eg likar å samle i lader og rader :). Ein kvinneleg jeger som kun jaktar på det som står i ro.....

dette er likør...bjørnebærlikør, blåbærelikør, ville bringebær..likør og hasselnøttlikør........;)



Eg likar å fotografera


Mest av alt likar eg å kvile augene på harmoniske tablå. Augene ser så mykje ildt og sørgeleg kvar dag gjennom aviser og TV. Eg vert glad når eg kan kvile augene på noko eg tykkjer er vakkert. Difor likar eg å ta bilete. Harddiskane mine er fulle av bileter. Ingen ser dei. Difor bloggar eg. Eg tek fram bileta mine og syner dei til deg.

Summen av dette innlegget les eg til ein estimert alder på 62+. Røynda er ikkje fullt so overmoden. Trettiti som ungane seie....nok det og.

Redigert 2 år seinare...

Inspirasjon: At noko vetig siv inn, mellom dei par og tjue bloggane eg vitjar for dagen og 5 ulike interiørmagasina eg abonerar på, kryssar eg fingrane for.

Min favoritt: Skuvsenga eg arva etter bestefar og som eg for eit par veker sidan med sorg i hjarta bar på lager, avdi eg ikkje har ein brukande plass til henne lengre. Senga har fylgd meg sidan eg for på hybel i 15 årsalderen og heilt fram til dotra mi overtok den for nokre år sidan. No var den lite eigna for overnattingsgjestar sidan den er både kort og smal, så den måtte vike plassen for framskrittet, seng med ekstra madrass i skuffa...eg vrir meg, men ungane kjem alltid fyrst :)


Draumeheimen: Er nok huset på Andås. Garden der mor mi vaks opp. Fjellet på eine sida og sjøen på andre. Stort hus på over hundre år, med 10 soverom, to stover, to kjøkken, enorm kjellar, eit mørkt og skummelt høgaloft... og eit mikroskopisk toalett. Hage full av bær og trær. Sjøen rik på middagsmat. Eg minnes sommardagar med lukta av varmt panel, opne vindauge med heklagardiner, den friske lukta av sjø og ferie... Til mi store sorg har dette prakthuset ste til forfalls i årevis. Odel og arv...og lite ressursar. Skulle ynskje nokon som elska huset fekk hendene sine på det og redda det fra elende.

Uønsket: Er so gamal no at eg veit at eg kan venne meg til alt, og tilogmed tykkje det er vakkert...

Drømmedag(?): Kvar dag

Det brenn: No har eg sikra alle bilda med Mozy so no er det berre mann og born so må reddast ut.

Godfølelsen: Ville vore ein dag med slekta i det nyoppussa huset på Andås...

2 kommentarer:

  1. Heisann!
    For noen nydelig fine bilder du tar! Og veldig kjekt å få vite litt om deg:)
    Takk for koselig hilsen:)

    Ha en fin kveld! (natt:)

    SvarSlett
  2. Så kjekt å få bli litt bedre kjent med deg ;)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.