torsdag 18. september 2008

Alt mitt er kvitt (not)


Eg har ikkje ungått å leggje merke til at det for øyeblikket pågår ein debatt i interiørbloggverda angåande kvitt og litt til. Eg har ikkje tenkt å leggje meg ut med verken den eine eller den andre. Berre konstatere at problematikken har lege i lufta ei god tid.

Eg for min eigen del har vore glad i kvitt lenge. Mykje lengre enn eg sjølv visste. Lenge levde eg i total uvissa om slike interørtrenda som no har openbera seg for meg. Eg hugsar fyrste gongen eg las Bonytt og såg ein artikkel frå Sverige med det vakraste kvite-kvite huset eg nokon gong hadde sett. Eller, det fyrste kvite-kvite huset eg nokon gong hadde sett. Eg visste då at eg alltid hadde slike fetisjar, hadde berre ikkje heilt skjønt det før. Og med eitt forstod eg resultatet av spørjeundersøkinga til Bo Bedre som hadde definert meg som Country (?) Sanninga var den gong at eg trudde dei meinte Country som i Country and Western....og rødma berre med tånken.

Likevel skjønar eg at konfrontasjonar må koma. Me er berre damer her ute (med få unnatak, og dei er kanskje meir damete enn dei fleste damene her)og avogtil føler eg det litt slik som i 4 klasse på grunnskulen ein gong på 70-talet. Der dei med mest lukte-viskelær, berre ville vere med dei andre som hadde like mykje lukteviskelær. At dei kvite berre vil vere med dei andre kvite...og dei med (nei eg skal ikkje sei grøne kjøkken) brun, storblomstra tapet på do slit litt i den venekretsen. Og når ein ikkje kjenner seg akseptert, då må ein nedjustere verdien av det ein ikkje får delta i.........

Men slik har det alltid vore, og slik vil det alltid vera. Eg har sjølv i toskaskap tenkt når eg ser på slike program som tek oss heilt inn i stovene til folk, ja som i Åndenes Makt...at det er ikkje løye dei er heimsøkte med den tapeten...dei treng ein interørkonsulent ikkje ein klårsynt..(Bank i tre!) men det er sjølvsagt veldig arrogant og tåsje tenkt..og eg har slutta med det med ein gong! :)

Så i dag vil eg som er så glad i kvit, hylle fargen litt. For eg elskar fargar og, berre ikkje inni huset (:) Var på barnas hagedag i dag, i det lokale gartneriet og kunne ikkje la vere å knipsa litt i veg:







5 kommentarer:

  1. Like velskrive kvar gong:)
    Nydelege bilete! Dette kan du:)

    SvarSlett
  2. Beklagar at eg ikkje har forklart det til deg... Er ein smule distrè:)

    Du lagrar begge to, legg dei i margen din (som bilde, der kan du legge til den teksta du vil)
    Så skal du gi dei vidare til nokre bloggar du synest fortener dei, enten begge to, eller berre den eine til somme og den andre til nokon andre.

    Du skriv ned lenkjene til den du fekk med, og til dei du vel å gi dei til. (viss du vil kan du skrive ett par ord om kvifor du har valt dei aktuelle bloggane)

    Tilslutt må du leggje att kommentarar hjå dei, slik at dei får vite at dei har fått utmerkinga:)

    (Dersom du les litt tilbake i bloggen min, finn du nokre reglar som gjeld for ein annan award som eg fekk: javablue-award. I utgangspkt så trur eg dei fleste "awardar" har reglar, men så vert det gjerne gløymt å formidle vidare...)

    Tusen takk for sopp-tipset forresten! No veit eg kven eg skal spørje om eg lurer på noko om sopp;)

    Kanskje eg rekk å legge inn eit lite innlegg seinare i kveld. No skal eg på trening!

    SvarSlett
  3. Så flott bilder..første visit fra meg men ikke den siste...

    SvarSlett
  4. Flotte bilder hos deg som vanleg. Kjapt innom for å ønske deg ei god helg:0)

    SvarSlett
  5. Ojda, her var det en debatt på gang som har gått meg hus forbi. Jeg trives også med hvitt, men synes det er deilig å bryte med jordfarger.
    Det beste er og følge hjertet, vær tro mot din egen stil og personlighet. Trender er forbigående, velg noe som gir varig ro i kropp og sjel..det er mine råd..

    Velskrevet og interessant. Hyggelig blogg!
    Takk også for koselig besøk med hilsner :)

    Ha en riktig fin helg!
    Aina

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.