mandag 29. september 2008

Mor lo, Eli las, Per et is....

Nokre gonger skulle ein ikkje ha heve den foten på golvet..om morgonen. Men kven kan veta ka ein har i vente? Kanskje da è i dag ein vinn den store premien, at da è i dag ein får da kjekka brevet eller den varmande rosen for velgjorte oppgåver..

Men da va i dag eg ikkje fekk nåke tè. Da va i dag eg vart minna på da som e kjipt (Norsk-grei-økonomi-eige-hus-kjekke-ongar-småproblem-kjipt) På jobben, alle oppgåven eg ikkje klarte løysa på meir enn middelmådig vis. Soppskogen som pekte nase og sa at trompetane ikkje ville vere med å leike i år. Handarbeidslærarinna på 80-talet som fekk rett i at eg ikkje var eit stortalent ved symaskina....

No set eg med ned, stille med hekletøyet og prøver å fullføre eit av dei 20 påbegynte prosjekta mine....endar vel med heklenåla i ......


søndag 28. september 2008

Feel the love....eller kjenn på kjærleiken :)

Då eg såg innlegget til Storeflittig på NIB kjende eg heilt klårt på ei naud for å takka for all den gleda og inspirasjonen eg har fått gjennom alle dei som har blogga i cyberspace.


Eg har dei siste åra brukt meir og meir tid på å hente dagleg dose glede, inspirasjon og gode ideear frå dykk alle.


Også det at nokon har tatt seg tida til å skape eit felles rom for oss bloggarar er også noko ein bør kjenne seg takksam for. Alle dei som tek seg tid til å sjå og lese min eigen blogg er eg også takksam for. Eg vert veldig glad når nokon tek seg tid til å leggje att ein kommentar eller svarar på ein eg har lagt att hjå dei.

Oppsummeringa vert, utan alle dykk hadde eg vore mykje fattigare...


Denne kvite "Telleren "(hortensiaen) får de berre nyte bilete av, hjorten åt den i natt....snufs....

lørdag 27. september 2008

Sett deg oppi korga.......


Sidan slutten av nittitalet har denne korga vore trufast med på alle mine turar etter sopp. Den har alltid hatt plass til soppen eg fann. Den har fungert som stav og støtte i ulendt terreng. Etter 10 år skal den no få eit rolegare og meir komfortabelt liv.


Som det er lett å få auge på har den vore lappa og reparert ute i skogen. Både skolisser og jakkesnøringar har vorte teken i bruk.


I haust reiste eg til Haugesund og kjøpte meg ny soppkorg. Eg fann ho i butikken Room 4 More. Denne korga var vel kanskje tiltenkt finare oppgåver enn soppkorgarlivet, men for meg var denne akkurat det eg hadde leita etter.


So var det å gje den gamle korga ein dusj kvit spraymaling. Ikkje lett sidan korgmaterialet saug maling. I Knarvik fann eg fleire fine stoff eg kunne tenkje meg å bruke som forstoff.


Så var det til å sy.


Korga skal i sitt pensjonisttilvære få oppbevare nokre av alle dei uferdige hekleprosjekta mine. Det må no vere meir bekvemt enn våte og kalde skogbotnar, makk og floge....og ein sopp i ny og ne...

onsdag 24. september 2008

Min stil..


Igjen har debatten rulla i bloggverda. Det starta nett etter at eg hadde trygla om å få vere med på NIB (Norske interiørbloggar) utan eigentleg å ha blogga så mykje om nett det emnet. Dei let meg krypa gjennom nålauga og det gjorde meg glad. Det å vere ein del av eit større felleskap som NIB eller Norske hagebloggar ol er ein svært trygg og god ting.

Så vart det for mange på bloggrullen, og ideen om stilinndeling vart fødd. Så kom debatten. Skal bloggarar som ikkje er reine interiørbloggar vere ein del av NIB? Uff, ja...nett klara å smita meg innom døra...og då såg eg døra koma tilbake rett i fjeset....

Eg vil så svært gjerne vere med og ser meg heilt klart nødd til å skriva meir om interiør :)..og fyrst vil eg sei litt om kva stil eg har....


Her ser de eit typisk eksempel. Eit nygamalt furu framskap som har fått ein omgang med den kvite malarkosten. Overdelen til skåpet vart for overveldande å ta med sidan innreinga i huset er underlagt ein minimaslistisk pisk. Eg likar ikkje overmøblering. Så overdelen ligg på lager og to lack-hyller frå IKEA utgjer overskapsdelen.

Den mørke skåla er frå "afrika-tida", bilderammene i sølv er mitt eige "kjøpe billige rammer på fretex og legge sølvblad på" prosjekt. Dei andre bilderammene er arv frå folk med anna smak som fekk dei i gåver. Eg elskar gamle ting av verdi. Derav gamle bøk. Turka blomar fordi eg har hagen full. Krystallkaraffel frå Praha og vinkaraffel frå Farmors hus. Biletet(editations)på øverste hylle er ein av dei kjæraste tinga eg eig. Det er laga av Hrair Gharib. Orkideèn er ein av 12...


Så oppsumeringa vert slik. Noko gamalt, Noko nytt, noko Lånt noko Blått...eh nei, nåke kvitt som godt kan vera litt slitt..Kan vel oppsummerast som chubby chic..

mandag 22. september 2008

Mine dører..


Har sett ein del bloggar har takka ja til ei utfordring om å visa sine dører...dvs. dører ein har eit forhold til, eller tykkjer er vakre (slik las eg det...)

Eg tykkjer dører er vakre og ikkje minst symbolikken er djuptfengjande. Måtte likevel innrømme for meg sjølv at eg aldri har brukt mykje tid på dører. Kanskje har dørene opna og lukka seg nett då dei skulle? Kanskje har eg aldri tenkt at dører stengjer eller opnar vegar og syn for meg?

Kanskje det er på tide å tenkje litt på dører...

Her er det eg fann på harddisken min om temaet:

Sjølv om døra ikkje er der, er det likavel ei dør?


Her har me noko som gjev seg ut for å vera dører...men nesten heile bygget er berre duk...


Ein gong på slutten av 90-talet hadde eg rota meg til Italia for å treffe eit lovande loppefunn på internett. Karen var kjekk han, men her sit eg med kamera og lurar på om dette var så lurt. Nedpå ei strand, på ein utedo med hol i golvet og heller få fasilitetar....går denne døra ut til lukka, eller frodervinga?


Sist men ikkje minst, her har nokon med god fargesans fått svinga malekosten..

søndag 21. september 2008

Amanita muscaria ++




Til å eta opp...men gjer for all del ikkje det....

fredag 19. september 2008

Floga på veggen.....

Det er eit faktum at eg likar å ta bilete tå blomane i hagen. Det er også eit faktum at det ikkje er berre eg som likar blomar.







Denne karen kjenner seg nok som ei floge............eller kanskje han berre gøymer seg for dei fæle brune.......

Kardemomme og safran...

I julekalendaren min i fjor fekk eg ei oppskrift fra Isabella Smith....Biscotti med safran og kardemomme
I dag måtte eg bake dei att, for 5 gong...

Isabella Smith har fleire gode oppskrifter, du finn dei HER

I fjor lagde eg dei og pakka dei fint inn til venner og kjente saman med andre kaker frå nye julekakeoppskrifter. Eg fekk mange gode tilbakemeldingar på dei andre kakene. Ingen nevnte desse spesielt. Eg tenkte litt på dette og våga meg til å spørje svigerforeldra om kakene hadde falle i smak. Blikk vart veksla. Føt skrapa forsiktig i golvet. Jau, dei va no kanskje litt..harde?


Så eg få nevne det for dykk, ikkje det at eg trur det treng det...men det hjelper på å duppe dei nett i kaffien før ein tek ein bit. (ellers er det med tenna som innsats :)

torsdag 18. september 2008

Alt mitt er kvitt (not)


Eg har ikkje ungått å leggje merke til at det for øyeblikket pågår ein debatt i interiørbloggverda angåande kvitt og litt til. Eg har ikkje tenkt å leggje meg ut med verken den eine eller den andre. Berre konstatere at problematikken har lege i lufta ei god tid.

Eg for min eigen del har vore glad i kvitt lenge. Mykje lengre enn eg sjølv visste. Lenge levde eg i total uvissa om slike interørtrenda som no har openbera seg for meg. Eg hugsar fyrste gongen eg las Bonytt og såg ein artikkel frå Sverige med det vakraste kvite-kvite huset eg nokon gong hadde sett. Eller, det fyrste kvite-kvite huset eg nokon gong hadde sett. Eg visste då at eg alltid hadde slike fetisjar, hadde berre ikkje heilt skjønt det før. Og med eitt forstod eg resultatet av spørjeundersøkinga til Bo Bedre som hadde definert meg som Country (?) Sanninga var den gong at eg trudde dei meinte Country som i Country and Western....og rødma berre med tånken.

Likevel skjønar eg at konfrontasjonar må koma. Me er berre damer her ute (med få unnatak, og dei er kanskje meir damete enn dei fleste damene her)og avogtil føler eg det litt slik som i 4 klasse på grunnskulen ein gong på 70-talet. Der dei med mest lukte-viskelær, berre ville vere med dei andre som hadde like mykje lukteviskelær. At dei kvite berre vil vere med dei andre kvite...og dei med (nei eg skal ikkje sei grøne kjøkken) brun, storblomstra tapet på do slit litt i den venekretsen. Og når ein ikkje kjenner seg akseptert, då må ein nedjustere verdien av det ein ikkje får delta i.........

Men slik har det alltid vore, og slik vil det alltid vera. Eg har sjølv i toskaskap tenkt når eg ser på slike program som tek oss heilt inn i stovene til folk, ja som i Åndenes Makt...at det er ikkje løye dei er heimsøkte med den tapeten...dei treng ein interørkonsulent ikkje ein klårsynt..(Bank i tre!) men det er sjølvsagt veldig arrogant og tåsje tenkt..og eg har slutta med det med ein gong! :)

Så i dag vil eg som er så glad i kvit, hylle fargen litt. For eg elskar fargar og, berre ikkje inni huset (:) Var på barnas hagedag i dag, i det lokale gartneriet og kunne ikkje la vere å knipsa litt i veg:







onsdag 17. september 2008

Menneske og biografiar

For lenge sidan skreiv eg i ein presenstasjon at alle menneske burde få si eiga bok. Sin eigen biografi. Når eg no sit her 10 år seinare og ser alle som har fått si eiga bok, må eg smile litt for meg sjølv. Det er i dag mogeleg for meg å sitje her på loftet og besøkje tusenvis av heimar rindt omkring i verda, og lese om hendingar, små og store frå deira liv. Eg tykkjer det er bra. Eg likar menneske. Eg tykkjer slike bøk er kjekkare enn alle eg kan låne på biblioteket. Eg dett heilt ut or mitt liv, medan eg surfar i dykkar.

Kvaliteten på desse bøkene er nok litt varierande, ikkje fordi kvaliteten på forfattarane er det, men på grunn av kvaliteten på forfattarskapet. Noko som er noko heilt anna. Nokre bøk fengslar meg meir enn andre. Enten fordi dei liknar meg, eller fordi dei ikkje liknar meg. Nokre misunnar eg alt det vakre dei omgjev seg med. Nokre misunnar eg lukka eg kan lesa mellom linjene. Alle har noko. Nokre kjempar for å "verte noko" i denne verda av bigrafiar. Nokre ser på blogginga som ein eller anna eksamen i interiør, eller kokekunst. Nokre er berre seg sjølv.


Eg les og ser, eg grin og eg ler.

tirsdag 16. september 2008

Rufsete dag

I dag har eg ikkje fått til noko vetig av verdi. Alt eg har produsert i dag er feilmeldingar og frustrerte nettansvarlege. Ein heil dag, borte..utan at det eigentleg gjer noko....?

Ja, då set eg meg ned og ser på all den steinsoppen eg fekk fanga i år. Glas etter glas på rekkje og rad. Jegerbragd! :)

mandag 15. september 2008

Hagesafari

I dag stod hagen for tur. Staudar som måtte skifta beite, ugras som måtte dø, vinteren måtte førebuast. Tok nokre bilete litt ettekvart som arbeidet skreid fram:
Ein liten Clematis med eit flott fransk navn.

Ei vakker haustgeorgine.

Rosa margarittar som har blomstra heile sommaren.

The Fairy

Poppys...ein litt sliten valmue...

Asters

Då eg ba mor mi kjøpe Astrid Lindgren til meg, kom ho heim med denne...Ingrid Bergman...svensk er svensk:)

søndag 14. september 2008

Tarantellaalarm!


Då straumen gjekk i dag tidleg, og ungane kom hylande: "Me gjorde ingenting, heilt sikkert. TV-en berre slo seg tå..berre sånn" måtte me, dei vaksne og ansvarlege risa opp og finne ut av problematikken. Jau, kom me no fram til, straumen var borte. Berre å risa opp, få på tøyet og ete ein god bondefrukost. Me var ikkje kome langt inn i stova før minstejenta snur seg og spør:" Kva er det?" Eg snur på hovudet og ser at på vår kvite vegg sit noko stort, rundt, svart og pelskledd....aldri har eg sett slikt i huset før...og sjølvsagt tånkane fer....for stort til å vere innsekt..og for pelskledd....med mindre..

Eg tek ungane med ut i gangen på under eit sekund og overlet Helten til dyret og sin eigen skjebene. SOm den Helten han er fangar han uvesenet i ein isboks...og klagar litt øve resten tå støttespelarane hans. Han kan og fortelje at dyret laga kveselydar når det vart fanga.... TARANTELLA!!!!!!!!!!!!

Etter at me hadde no roa oss ned, til og med storebror tok til tårene med tånke på udyret i stova, og overført dyret til eit stort syltetøyglas kom sanninga fram.....ei stakkars redd...FLAGGERMUS! hadde budd i stova vår om natta.

Ja, ja...det var jo ingen sensasjon, men heller ikkje mykje å reddast for....
Slik kanskje trur eg me følte oss litt...etterpå....

lørdag 13. september 2008

Septembersopp

I dag gjekk me ein fantastisk tur i fjellet. Det var ein tå dei flottaste haustdagane eg nokon gong har bada meg i. Me hadde klatra, soppen var funnen og fanga. Eg kraup frampå kanten av fossen me hadde klatra opp til. Heilt mållaus og rusa på Guds skaparverk løfta eg opp kameraet mitt. Det var heilt dødt. Batteriet hadde teke seg nattlege fridomar (hatt fest rett og slett) og var umogeleg å vekkje. Her får de eit såkalla arkivbilete: